Laurdag i Bærum – andre feriedagen
I går kveld oppdaga eg til mi forferding at det var slutt på det kvite garnet til botnfargen i barnegenseren eg komponerer. Eg var sikker på at eg hadde eit nøste til, men eg må ha gløymt det heime. Heldigvis visste Eva Mari om ein garnbutikk i Sandvika det ho meinte dei hadde slikt garn, så problemet let seg løysa. Ein liten nyanseforskjell i fargen er ikkje meir enn ei passeleg lita kreativ utfordring…
I Sandvika var det full sommar, deilig og varmt. Ein jærbu som har levd livet med strikkejakke under vindjakken hadde ikkje heilt klart å knekka kleskoden for ein junitur til austlandet, men slikt er luksusproblem. Ein tur til Asker vart det og, for Eva Mari ville visa meg ein butikk der dei selde kjolar og jakkar som var redesign av brukte indiske sariar. Dei var veldig fine og fargerike, og to av jakkane ville eg gjerne hatt, men dei var såpass dyre at eg bestemde meg for å stå over i denne omgangen. I staden handla me med oss vårrullar og innebakte scampi frå ein take away. Så handla me salmalaks og salat og rigga oss til med strikkelunsj i verandasola.
Etterkvart kom Leif med nydelege moreller som me åt frå ei stor blå glasskål.
Eg og Eva Mari hadde teaterbillettar i byen, så me måtte lausriva oss frå det behagelege verandalivet og koma oss på banen.
Me såg Book of Mormon på Det Norske Teateret. Det var ei forestilling som vekte mange tankar i meg som eg ikkje skal gå nærare inn på her og nå. Alt i alt var eg imponert. Det var masse ironi og satire over både det eine og det andre, men eg opplevde at det var gjort med varme.
I byen var det ein lys og varm og vakker midtsommarkveld. Etter Prideparaden i dag kokte det framleis av menneske med og utan regnbogeflagg, fjørboaar og blomsterkransar i håret eller rundt halsen. Det var verkeleg eit mangfold av menneske på mange måtar.
Me tenkte at det kanskje var vanskeleg å finna bord nokon plass med så mykje folk ute på byen, men me fann plass på ein av yndlingsplassane våre, ein indisk restaurant med utsikt ut over sentrum. Me åt nydeleg indisk mat. Dette er prikken over i-en, indisk is med smak av pistasj og sjasmin.
Då me kom heim att nærma det seg midnattstimen, men det var lyst og varmt nok til å sitja ute på verandaen med strikketøy, kaffi, jordbær og lys i ei grøn glaslykt midt på bordet. Det luktar intenst sommar og sjasmin frå ein busk like ved, og langsomt går det opp for meg at det er nå det er sommar. Det er den første kvelden i år eg har site ute til over midnatt. Eg sit her endå mens dei andre la seg for ein time sidan. Det er vel kanskje på tide å ta kvelden. Eg deler husvære med morgonfuglar, så nå får eg rett og slett prøva å tilpassa meg litt…
Heidi