Gå til innhald

Alle historiene våre

juni 24, 2019

IMG_20190624_220142_969

I dag har me brukt dagen på å køyra frå Bærum til Bryne via sørlandet. Me starta ein fin sommarmorgon i Bærum og kom heim til regn og ein nokså grå sommarkveld på Jæren. Alt har sin sjarm, og begge deler er sommar. Etter eit nokså travelt liv ein lang periode er det avslappande og herleg å bli frakta over lange avstandar gjennom eit norsk junilandskap med strikketøy og lydbok.

Boka «Mors og fars historie» gjorde sterkt inntrykk på meg då eg las boka for lenge sidan då ho nyleg var utgjeven. På den tida høyrde eg og Edvard Hoem halda foredrag om boka han hadde skrive. I dag høyrde me på lydbokvarianten, og sjølv om eg kjende historia så gjorde ho sterkt inntrykk på meg i dag og. Det er ei bok om forhalda seg til livet med dei begrensningane og moglegheitane det måtte by på, og det er ei ærleg historie om livet til dei to menneska som er forfattaren sine foreldre med alt det inneber av lojalitet, nærleik og avstand. Det var ikkje ei opplagd sak at odelsguten frå Hoem som meinte å ha eit kall til å reisa rundt å forkynna og som forlova seg med ei odelsjente han ikkje kunne få skulle enda opp med å gifta seg med ei sterk og stolt jente frå Gudbrandsdalen som vart aleinemor etter å ha fått barn med ein tysk soldat.

Boka handlar og om truskap, om vanskelege samliv, om sjukdom og fattigdom og om dei utfordringane som har vore knytta til det med odelsrett og plikt, og om å leva saman fleire generasjonar på ein tungdriven gard der odelsguten store delar av året sykla land og strand rundt for å halda møter i regi av indremisjonen. Boka handlar og om det observante barnet Edvard som med vidopne sansar og sterk observasjonsevne prøver å finna ut korleis livet eigentleg fungerer. Det siste kjenner eg meg att i. Eg har sterke minne om korleis eg smuglytta til alle vaksne og prøvde å få puslespelbitane til å henga saman til noko eg ikkje heilt fatta kva var, og ikkje alltid kunne spørja om. Dersom nokon manglar sommarlektyre og ikkje for lengst har lese denne boka, så anbefaler eg ho på det varmaste.

Me høyrde og ferdig boka me starta på på turen bort, «Ulovleg norsk» av Maria Amelie. Eg har nok ein eller annan gong bladd i denne boka, eventuelt skumlese ho i ein bokhandel, men det å høyra ho på lydbok gjorde veldig sterkt inntrykk. Maria Amelie, som eigentleg heiter noko anna fortel om det å koma som asylsøkjer til Norge som tolvåring, det å bu på asylmottak og å vera heilt ny i landet vårt. Ho handlar om å få avslag på å få lov til å bu i Norge og om å leva illegalt her utan pass, personnummer, bankkort, fastlege og mykje anna som er sjølvsagt for dei fleste av oss. Ho skreiv boka som 23- åring, og eg er veldig imponert over refleksjonane hennar og evna til å setja ord på det å vera barn og tenåring i ein veldig komplisert situasjon. Eg hugsar at i den første klassen eg hadde var barna djupt sjokkerte då ein familie som budde på Bryne vart sende ut av landet. «Men kan ikkje alle som vil bu i Norge bu i Norge?», spurde dei med vantru i stemmen. Eg er tilbøyeleg til å identifisera meg med vantrua deira sjølv om eg som vaksen forstår at dette er vanskelege greier.

På veg heim var me så heldige å få nokre timar i lag med Jan og Hilde i Søgne. Dei er gode venner som me gjerne skulle ha sett mykje meir til, så me set alltid pris på å få til å møtast. På same måten som me les, og i vårt tilfelle høyrer på lydbok, historiene om andre sine liv, så legg me kvar dag setningar til våre eigne historier. Mykje rår me med, og mykje må me godta som det er. Historiene om foreldra til Edvard Hoem og om Maria Amelie seier noko om å ta det me har fått tildelt og etter beste evne skapa noko fint ut av det. Det får bli ståande som dagens lekse i å leva livet.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: