Gå til innhald

Første heimedagen i sommarferien

juni 25, 2019

IMG_20190625_150209_444

Her er nok å henga fingrane i, så det gjeld å utporsjonera oppgåvene slik at det blir litt ro og fred og. Eg fann fram sommarkleda som har ligge i kjellaren i vinter, så får eg pakka vekk vinterklede i morgon. Det er fint å kunna gå rett ut av verandadøra og plukka blomar. Leif sådde blanda blomsterfrø tidleg i vår, eg trur det må vera dei som gjer nokre av pottene på verandaen til noko som ser ut som små porsjonar av ei blomstereng.

IMG_20190625_143848_344

Eg tok meg tid til å setja meg litt i hagestova for å gjera ferdig barnegensren eg har strikka på dei siste vekene. Med kaffi og «Sommar i P2» blir det skikkeleg sommar der ute. Genseren er stort sett komponert etter fri fantasi, så det er alltid spennande å sjå sluttresultatet. Ofte tenkjer eg at det hadde kanskje blitt finare med ei oppskrift slik at eg visste koss det kom til å enda med å sjå ut til slutt, men på nokre felt i livet er eg spenningssøkjande. Halve spenninga går jo ut på å finna ut om design- ideane mine fungerer. Eg må vel vera ærleg nok til å innrømma at det varierer litt på det feltet…

Eg har skrive ein del i vinter som eg alltid gjer, men eg har mindre enn nokon gong før oversikt over kva eg eigentleg har av diktmateriale. Ein av tinga eg må finna ut av i sommar er om eg har nok stoff til å kunna gi ut ei diktsamling i haust. Eg bør bruka litt tid på å rota i tekstar og formuleringar desse dagane før me skal ut og reisa att.

Det vart nokre ettermiddagstimar med barnebarnet. Etter at ho har budd i lag med oss i meir enn fem månadar, så lengtar me litt etter henne heile tida. Eg syntest ho var blitt flinkare til å snakka bare på dei 5-6 dagane som har gått sidan sist eg såg henne. Tenk om me hadde fortsatt med den same læringskurven resten av livet… Då hadde kanskje verda sett annleis ut.

IMG_20190625_232508_766

Det regna litt då eg gjekk kveldsturen min. Ikkje så mykje, men dei dropane som fall var store og tunge. Eg gjekk rundt Tjødnå og kunne konstatera at dei tre svaneungane framleis er i live og at dei ser ut til å veksa og trivast. Kveldslyset og regnet gjorde at det var eit fantastisk fotolys ute.

IMG_20190625_232404_910

Det er fint å gå ute om kveldane i slikt lys og la tankane få lov til å ta plass.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: