Samla saman bokstavane frå vinteren som var
Som eg skreiv i går, så har eg hatt lite oversikt over skribleria mine det siste året. Eg går alltid rundt med penn og notisbok i veska, og når tida opnar seg for det, eller når tankane har spunne seg til noko, kanskje bare ein setning eller to, tek eg notisboka opp og skriv. Det eg ikkje skriv ned er det lett å gløyma. Sidan dagane i vinter var fullmøblerte, har eg ikkje brukt tid i det heile tatt på å sjå kva eg har i desse bøkene. Nå i ettermiddag begynte eg å leika dikt- detektiv. Er det noko her som kan brukast, mon tru?
Eg må så langt innrømma at eg ikkje har funne så mykje av det slaget som ikkje eg eller andre har sagt høgt eller skrive før. Det spørst nok om eg finn nok som kan brukast til at det blir ei diktsamling i haust, men framleis har eg mykje å leita gjennom.
Kanskje eg kan bryta sommaridyllen med eit dikt eg skreiv ein kald dag i januar?
Rimeleg malplassert med andre ord, men det er delvis slik eg jobbar. Dei første julesalmene mine skreiv eg til Bjarte Lending midt på sommaren. Me gjorde eit tidleg bytearbeid. Han hadde hjelpt meg med nokre melodiar eg hadde desperat bruk for, og til gjengjeld skulle han få julesalmer. Det gjenstår å seia at dei finaste julesongane eg har skrive har eg skrive i adventtida, og dei finaste sommardikta er utan tvil skrivne om sommaren. Sånn sett er ein sesongarbeidar som skribent. Ein må gripa det romet i livet ein til ei kvar tid er inne i.
Men altså, eit januardikt på bloggen i juni, kor sært er ikkje det? Kjenner nokon vintermorgonstemninga att, mon tru:
Fullmånen dansar slørdansen sin i morgongryet
kledd i mystisk gjennomsiktige skyer
ertelystent bølgjande over nase og munn,
og med oransjerosa corona kring den blanke skallen.
Snart skal han dra det mørke sceneteppet til sides.
Skal avsløra glaserte svarte vegar
der morgonmenneske sklir hjelpelaust fram
på syklar eller glatte sko
over dekket av underkjølt regn.
Snart skal han sleppa ut dei tusen svarte kråkene.
La dei fly
frå mørke sterke tre med djupe røter
med nakne armar strekte ut mot himmelen
som til tidleg morgonbøn.
Heva over alt jordisk
skal kråkene segla
segla som bokstavane i eit dikt
med mørke lukka nebb
i flokkar mot det store havet.
Heidi