Lyset på seine junikveldar og familien på plass rundt bordet

rrem
Me er så heldige å ha yngstesonen heime på besøk. Eg liker godt å ha mine rundt meg, eg liker og at han spelar så mykje på pianoet når han er heime. Då han nemnde at det kunne vera koseleg med ein familiemiddag eller to, var eg ikkje vanskeleg å overtyda. Dagen begynte med at eg sykla til butikken for å kjøpa selleri, grøne eple, raud og gul og kvit lauk, chili, kyllingfiletar, creme fraiche og det andre som trengst for å laga den gode indiske kyllingsuppa som blir best viss ho får koka i timesvis. Leif bakte grovt grytebrød til suppa og tre korger norske jordbær vart reinska og gjort klar i den store blå skåla til desserten saman med ei glasmugge full av fløyte og ein boks vaniljeis.
Det smakte godt, og me var mange rundt bordet sjølv om yngstejenta mangla. Ho treffer eg i Danmark om ikkje så mange dagane. Me har leigd eit hus i Struer ved Limfjorden og første del av delegasjonen reiser ned i morgon. Dei andre dukkar opp sånn etterkvart.
Eg var litt i tvil om me trengte hagestove ute på terrassen eller om det var ein merkeleg trend det var lett å kasta seg på, og så vart ho ståande ubrukt. Me har stort hus, men veldig liten hage, og det å ha ei glas-stove der ute med masse blomar rundt og plass til å sitja eller sola seg utanfor i tilfelle det skulle koma ein smellvarm dag, er faktisk veldig fint. I dag gjekk eg ut dit etter at gjestene hadde gått, sola varma utruleg godt der inne, sjølv tidleg på kvelden og det gav ei sterk oppleving av sommar og sol å leggja seg ned på sofaen med godt lesestoff. Her og nå vil eg reklamera litt for magasinet Strek som er eit kyrkjeleg magasin med mat for sjel og tanke. Dei tek opp mange interessante tema, og i motsetnad til mykje overflatisk lesestoff, så tek dei sjansen på å våga seg ned i djupet slik at ettertanken får plass. Mot normalt har eg fleire eksemplar som har ligge uopna gjennom vinteren og våren, og nå var det heilt nydeleg å få tid til å lesa litt.
Plutseleg fekk eg uventa og koseleg besøk av ei venninne og barnebarnet hennar, og så vart det kaffi, strikking og fargelegging ute i hagestova. Ein kveldstur med innebygd kamera måtte det bli tid til i dag og. Det innebygde kameraet er bokstaveleg skrive, eg er veldig nøgd med kameraet på mobilen min, det tek veldig fine bilete, synest eg sjølv i alle fall. Ulempa er at det ikkje er lett å zooma seg inn på ein måke øvst i ei lysmast eller på fjerne detaljar i eit landskap. Ein må bokstaveleg talt tett på for å fanga motiva. Alternativet, å dra på ei tung telelinse, har så langt ikkje vore noko for meg. Eg er glad i å fotografera og ser motiv over alt, men dersom det blir for mykje teknikk ein skal beherska og mykje utstyr å bera med seg, så er eg ikkje heilt på høgde lenger. Eg har stor glede av å studera dei fine bileta mine mest fotokyndige venner har, og kan tenkja at det ser kjekt ut å verkeleg få utvikla fotointeressa, men det så langt klarer eg meg best når verda krever alt for mykje «Fingerspitzgefühl» eller teknologisk innsikt. Men lyset på seine junikveldar, folkens… Lyset på seine junikveldar.

nor
Heidi