Den som har øyre å høyra med høyr…

Eit av favorittprogramma mine om sommaren er Sommar i P2 der veldig ulike menneske får ein time til å formidla erfaringar frå sitt eige liv og fortelja om det dei er opptekne av. Det fine er at ingen avbryt dei, kjem med motargument eller begynner å fortelja sin eigen historie i munnen på dei. Akkurat dette trur eg det er for lite av, i alle fall i vårt hjørne i verda. Me brukar for lite tid på å lytta og på å prøva å forstå kvarandre.
I dag morges las me ein liten tekst til ettertanke av Martin Lönnebo om å visa kvarandre nåde og velsigna kvarandre. Kven er det ofte som kjem til orde? Jo, dei som kastar ut hat og aggresjon, dei som er ute etter å ta motstandarane sine for sjølv å vinna gjennom. Dei som oppmuntrar kvarandre, stør den som treng nokon å stø seg på, eller står klar til å hjelpa medmenneske som verkeleg treng det, forblir ofte usynlege og utan rampelys. Det er mange som jobbar intenst på kvar sine måtar for å gjera verda til ein betre plass med meir nestekjærleik, men det er ikkje kvar dag det er dei som kjem på Dagsrevyen.
Ei av dei eg høyrde på P2 i dag påpeikte noko me alle eigentleg veit. Når dei vonde og utfordrande delane av livet kjem i mot oss, er det ikkje så mykje hjelp i perfekte fasadar, veltrente kroppar og karriere i yrkeslivet. Det me då treng er nære og varme relasjonar som gjer at me har gode menneske å stø oss mot slik at me kan stå saman med nokon i dei utfordringane eit kvart liv byr på med jamne mellomrom.
I morgon reiser me til Korsveifestival med tema «Håpet har et ansikt». Eg gler meg til å få nye tankar og innfallsvinklar kring dette med håp. Eg har klokkartru på håpet. På evna til håp i enkeltmennesket, på håpet om å finna fram til betre måtar å organisera samfunnet på, på håpet om å ta vare på jorda, og på håpet om ein betre verden for alle menneske. For meg er det godt å forankra dette håpet i ei Gudstru og i den bibelske tanken at kjærleiken er sterkare enn døden og undergangskreftene.
Eg snakka om å lytta. Eg er priviligert som har fått sjansen til å ha ein liten talarstol i form av ein blogg. Eit aldri så lite » Speakers corner» midt i det digitale universet der eg kan kasta ut tankar om slikt eg er oppteken av og til og med tenkja at nokon, ein eller anna kan ha bruk for orda mine.
Sjølv held eg aldri opp å interessera meg i og la meg fascinera av menneske. Eg er så glad for at det finst arenaer og platformar der eg kan lytta til korleis livet ser ut og kjennest for andre menneske, gjerne menneske som er veldig ulike meg og som eg derfor kanskje aldri kjem i posisjon til å ha ein open og lyttande samtale med.
Sommaren er den tida der ein har tid til å tenkja tankane sine ferdige. Eg liker sommaren.

Heidi