Sommarsjela

For eit par dagar sidan brukte eg uttrykket «ei sjel og ei skjorte». Dotter mi hadde aldri høyrt det før, og syntest det var ganske talande. Eg skal ikkje påstå at eg bare har ei sjel og ei skjorte om sommaren heller, det manglar det faktisk ganske mykje på. Likevel kjenner eg ei nesten litt bohemaktig fridomskjensle ved å kunna angripa timane mine på ein mykje friare måte enn eg gjer til dagleg.
For det første, og kanskje det mest frigjerande for slike som meg som er fødde til å vera B-menneske at vekkjerklokkealarmen er deaktivert. Det er ei ubeskriveleg god kjensle å gjera akkurat det. Så er det befriande å plukka fram sommarkleda og nesten gløyma det som heiter langbukser, langerma genserar og sokkar for nokre månadar. Det inneber å frysa litt i ny og ne, men det får så vera. Det er gjensynsglede i det å sjå att klesplagg som har vore nedpakka sidan slutten av september, og eg fortel meg sjølv at her treng ein ikkje kjøpa noko som helst denne sommaren…

Reising har me drive mykje med kvart år når sommarmånadane kjem. Ganske ofte har me brukt ei veke eller fleire i Danmark. Danmark trur eg må kunna kårast til favorittlandet mitt ved sida av vårt eige land. Eg er så glad i den danske naturen, og i folkelynnet der. Det er noko avslappa, blidt og tilbakelent med den danske måten å leva på som får meg til å pusta roleg. Eg veit at dette er ein klisjé, og sikkert langt frå den heile sanninga, men det eg veit er at eg kjenner oppriktig gjensynsglede kvar gong eg kjem til dette nabolandet vårt i sør og at eg aldri har lyst til å reisa derifrå att når den tida kjem.

Og når det er sommar og ein er i Danmark, så unner ein seg vel gjerne litt i matveien utover kvardagskosten resten av året…



Me hadde mykje vind denne gongen. Det var bare så vidt alle som skulle vera med kom seg av garde, for på grunn av sterk vind var det innstilde fergeavgangar. Eg grudde meg litt for heimturen med hurtigferga Havkat, for me har reist med den båten før i ruskever. Den gongen vart turen nesten dobbelt så lang som han skulle, og mest alle passasjerane, oss inkluderte spydde i eitt sett over heile overfarten. Denne gongen ende me heldigvis opp med ein relativt roleg fergetur, og kunne entra gamlelandet med rett rygg og fritt blikk.
Sunniva blei med oss heim for å få seg ei halv veke på Bryne. Sidan torsdag har me hatt alle «barna» + forsterkningar rundt oss, og med barnebarnet på overnatting som ekstra bonus så vart «familieferien» utvida til å vara i to veker. Nå har me bak oss to heile veker med mange fellesmåltid, mange dekka kaffibord og ikkje minst store mengder norske og danske jordbær. Eg har brukt mykje tid på å vera mor og mormor, og eg trivest med mummimammalivet. Eg har lova meg sjølv å skriva eit par dikt kvar dag i ferien, eller i alle fall ein kort tekst som kanskje kan bli eit dikt, og stort sett har eg klart det. Kunsten er å få dagen til å strekkja til, sjølv som frilansar heilt utan bunden arbeidstid kan det visa seg å vera ganske utfordrande.
I alle fall så nyt eg å ha god tid til familien. Det lar eg Sunniva og far få stå her som symbol på.

Eg er heldig som kan nyta å ha både barnebarn, vaksne barn, svigerbarn, sysken og foreldre som framleis ikkje er blitt veldig gamle.

Og vel heime har me fått dagar som absolutt ber med seg sommar. Ein av dei var rett og slett varm og fin. Dei andre var av den typen norsk sommar som ber med seg litt kjøleg vind, men som fungerer heilt fint om ein fin seg «ei livå håla» eller toler litt frisk trekk… Sommarkveldane er framleis vidunderleg lyse og fine her i nord.

I desse sommarvekene har eg lese mange bøker. Tre av dei har eg ikkje rukke å skriva om her, men eg kunne ha god lyst til å gjera det, så me får sjå kor langt tida rekk. På tysdag reiser Leif og eg på Korsveifestival. Det trur eg blir veldig fint. Denne gongen er temaet «Håpet har et ansikt». Håp og mot er noko eg er spesielt oppteken av for tida, så det ser eg veldig fram til. Korsveifestivalane har så langt bidrege til å gje livet mitt både ankerfeste og retning.
Eg har framleis mykje eg har lyst til å skriva, men det får viss bli i nye innlegg. Vil du vera med så heng på…
Heidi