Grønt skifte

I dag var eg hos frisøren. Det er ikkje ofte eg kjem meg dit, nå var det sju månadar sidan sist, men eg forbind det å bli stelt på håret med kvile og stort velvere. Slik var det i dag og. Eg var ein relativt tidleg kunde, så det var roleg stemning i lokalet. Dei få som var under saksa snakka roleg og dempa med dei som ytte servise. I ein atmosfære av vennleg ro sat eg med ein kopp kaffi og ei bunke vekeblad medan eg venta på neste steg i prosessen.
Øverst i bladbunka låg det eit «Det nye». Det foresveiv meg at det var eit blad eg av og til hadde kjøpt for sånn ca førti år sidan, og opna det med ei viss interesse. Eg vart rett og slett litt imponert av at i ein av reportasjane vart «kjendisungdomar» spurde om kva dei gjorde for å ta vare på miljøet og for å bekjempa klimakrisa. Dei spurde svara alt frå at dei var nøye på søppelsortering, hadde auka medvit på det å forbruka klede og unngjekk å reisa med fly i utide, til at dei var blitt vegetarianarar eller veganarar for å gjera sitt til å skåna miljøet. I bladet var det og tips til korleis ein kunne handla i stort og smått for å leva meir berekraftig, og i eit intervju vart ei jente som har fått stort fokus i media utfordra på kva som var dei grunnleggjande verdiane hennar. Eg er heilt sikkert ikkje utan fordommar, men det var ikkje det eg hadde venta å finna i dette bladet.
Eg vart rett og slett litt optimistisk der eg sat med eit beskjedent og personleg ønske om å bli fin på håret. Det slo meg at barn og ungdom eg kjenner er ganske endrinsdyktige og ganske ansvarlege på mange vis. Eg har ein følelse av at fleire og fleire kunne finna det naturleg å gå rundt med T-skjorta med Change-makers sitt motto: «Det er klart at jeg kan forandre verden».
Ei ny klimaundersøkjing som kom i dag viser at det er viktig med ei rask omlegging av matvarepoltikken i verda for å redda klimaet og for å få nok mat til alle. Verda har eit stort utviklingspotensiale på dette området både når det gjeld matvareproduksjon, matsvinn og kosthald. Me står ovenfor store utfordringar, men eg synest at fleire og fleire i imponerande stor grad, og i eit relativt høgt tempo, erklærer at dei er klare for å endra livsstilen og klare for å ta ansvar. Eg meiner å sjå ei positiv endring og at endringane har kome fort. Sjølvsagt er me veldig seint ute. Det seiest at mennesket sine overlevingsinstinkt er koda slik at me reagerer lynraskt når løva hopper ut av buskane, men ikkje før me ser med eigne auge at me er i akutt fare. Det skal visst nok vera hensiktsmessig på den måten at me ville vera lite tente med å gå rundt med ein handlingslammande frykt eine og aleine fordi det finst løver i verda… Kanskje me burde kodast om i tider der det ikkje først og fremst er som matleitande steinaldermenneske me kan møta farer…
Så lenge det finst håp finst det liv, seier eit ordtak nokon har funne det for godt å vri litt på. Eg vil gjerne slå eit slag for håpet og seia at me må våga å sjå, høyra og handla medan tida endå er her. Håpet er ei sterk kraft, og me må våga å klamra oss fast til det, og våga å løfta det opp slik at alle får sjå det. Som dei fleste menneske så liker eg godt å vera den som har det rette svaret og som klarer å skilja det sanne frå det falske i konkurransar der ein skal tippa rett svar. I denne samanhangen ville ingenting gleda meg meir enn at eg tek feil. Det ville kosta meg svært lite å gratulera dei som aldri har trudd på ei klimakrise dersom nokon med sikkerheit kunne seia at ho bare har oppstått i overengstelege forskarhjernar. Ingenting ville gleda meg meir enn at eg tok feil om menneskeskapte klimaendringar og ei usikker framtid. Dessverre så kjenner eg meg overbevist om at dei som ropar at me må trekkja i nødbremsa har rett. Eg håpar bare me klarer å gjera akkurat det. Me lever i spennande tider, og det gjer godt å ha den naive trua at me faktisk kan forandre verda. I alle fall viss me står saman. Barna eg jobbar dagleg med på skulen, det vesle barnebarnet mitt, ungane i gata der eg bur og alle andre barn, eg unnar dei verkeleg ei god framtid og ei jord det går an å stella godt med og ta vare på i mange generasjonar framover.

Heidi