Gå til innhald

Ellevte august

august 11, 2019

Dei siste fire-fem dagane har me brukt ganske mykje tid på rydding. Ein del av dei som les dette veit at rydding ikkje er min favorittsyssel eller det eg er flinkest til i dette livet. Det er godt likevel å ha kome så langt. Det verste med å rydda er den manglande evna til å kasta noko som helst. Eg brukte ein heil føremiddag bare på å rydda skrivebordet mitt der papirbunkene var høge og papirordnarane skyhøge og sprekkfulle. Etter å ha teld på knappane og teke sats lenge, så ende eg med å kasta alle notata og alle utskrifta av kompendium frå studiet i vinter. Bakgrunnen var for det første at det var så utruleg mykje, og eg gav opp å sortera det. For det andre veit eg at alle dei sirleg ordna ringpermene (nå ja…) frå lærarskulen vart oppbevart i hyller i mange årtier nesten utan at eg opna dei. Eg har ein del liggjande på hard-disken frå det siste studiet, lærebøkene finst, og det meste bør eg vel helst ha internalisert om det heile var vellukka?

Eit anna problem ved rydding av skrivebord er at eg er ein kaos-skrivar som nesten kvar einaste dag noterer ned noko eg vil bruka i tekstar eg skriv. Det meste er i notatbøker, men det hender og at eg skriv på det eg har for handa. Så er eg ein hund etter bøker, og blir magnetisk dregen mot alle stader ein kan få kjøpt seg billige diktbøker. Eg har mange hyller med diktbøker, og mange diktbøker som ikkje får plass i desse hyllene. Dei har eg ikkje rukke å rydda. Systemet akkurat nå er å finna ein ledig sprekk oppå bøkene der ein kan stappa ting inn utan at andre ting raser ut, men skrivebordet og golvet er ganske ryddig.

Eg har ein mann som kan opptre ganske entusiastisk når han først går inn for noko, og nå var ein av kongstankene hans at me skulle rydda eit rom i kjellaren der me har kasser fulle av julepynt, gamle leiker og klede. Han har lese japanske minimalistbøker av det slaget der ein får beskjed om å halda eit og eit klesplagg i hendene og kjenna om du er emosjonelt knytta til plagget slik at det skal få fylgja deg vidare, eller om du skal takka for fylgjet og senda det til gjenbruk. Eg let meg overtala til å gå gjennom nokre kasser med klesplagg eg ikkje har hatt hjarte til å kvitta meg med av ulike grunnar. Det eldste var eit lilla applikert skjørt som eg gjekk rundt i for førti år sidan… Alt kan koma til å bli passeleg og moderne igjen, slikt kan ein aldri vita… Ikkje sei at akkurat det skjørtet kunne du hatt lyst til å arva, for nå er det send i veg. Ein del fekk eg berga, men veldig mykje av det eg ikkje har brukt dei siste fem – ti åra hamna i svarte søppelsekker med adresse Fretex. Eg angrar nesten litt her eg sit og skriv, men eg sa fint takk for fylgjet i alle fall…

På jakt etter ein del Duplo-klossar som eg er sikker på at me har ein plass, så fann me store mengder gamle kosedyr i eit kott i ein knevegg. Her låg det ca fem gonger så mange bamsar og mjuke dyr som eg i min villeste fantasi hadde trudd at me hadde… Iben som var på overnatting, hadde ein stor dag med å få vera med og leita dei fram. Dei lukta litt kjellar/ loft, så ho gjekk med på at ho måtte hjelpa mormor å bada dei i vaskemaskinen. Nå har det vel gått fem vaskemaskinsrundar med trommelen full av nokre velbrukte og nokre nesten nye mjuke venner. Det vakte minner å finna alt dette. Eg er einig med den japanskinspirerte minimalisten min i at det meste må gjest vekk til gjenbruk, og me har send ut melding til ungane om at dei som vil ha tilbake bamsane frå barndomen, må seia i frå… Ein del skal få vera her, og eg må nok ta ein runde med å sy på nye knappeauge der blikket manglar, festa lause trådar, sy igjen sprukne saumar og sy på nye bamsemunnar der dei har løsna…

Og den legendariske årlege handlinga å ta ut innmaten av lærarkalenderen sin, knytta det saman med ein hyssing, og leggja på plass i skrivebordskuffa før ny innmat blir plassert inn i ringpermringane, er utført… Ja, eg brukar framleis ein papirkalendar. Kanskje det neste år er så få att av oss at fagforbundet sluttar å tilby «dinosaurene» blant oss innmat til kalenderen? Eg er på gli og kan nesten tenkja meg ein digital kalender, men bare nesten…

Sommarferien er nesten over, og han har vore god. På tysdag skal me vaksne vera klare til dyst med blanke ark og fargestifter tel. Og då kan me rette opp att det som glapp for oss i fjor, alt skal bli så systematisk likevel… Dette er året då me skal ha system i sysakene, ha alle papir på plass der dei skal vera, og koma oss heim til rett tid kvar einaste dag i staden for å bli sitjande til langt på kveld fordi me har lagt lista for høgt eller på feil plass.

Det er alltid kjekt med nye ubrukte skuleår, og det er alltid eit sjokk å kasta seg ut i det nye året fordi kontrasten mellom romslege dagar med fullstendig gjenvunnen kvilepuls og det å skulla skapa ein ny verden, som er omtrent det me gjer kvar gong me set i gang med eit nytt år med nye timeplanar, årsplanar og rutiner. Det er som å hoppa frå ti-meteren ut i vatn som du veit vil kjennest iskaldt dei første minutta, og du veit at du skal og må hoppa. Det positive er at all erfaring seier at det blir bra, og for å halda fast på biletet: at du liker å bada. Det blir kjekt å sjå elevar og kolleger igjen, og det er ein viss fryd med alt som er nytt og ubrukt.

Eg har fått lese veldig mykje i sommar, og noko av det siste eg har lese ferdig er boka over. Ho er skriven av Sunniva Gylver som er prest i den norske kyrkja og Bushra Ishaq som er norsk -pakistansk lege og muslim. Dei er venninner og har jobba saman i ei gruppe som har som formål å få god dialog mellom kristne og muslimar. I kvar sin halvdel av boka skriv dei refleksjoner over dei same tema med kvart sitt utgangspunkt. Dei er klare på at sjølv om begge trur på Gud som skapte himmel og jord, så er dei opne om at det er mykje som skil dei to måtene å tru på, ikkje minst fordi muslimane har eit heilt anna syn på Jesus enn det dei kristne har.

Eg har lese Bushra sine refleksjoner med stor interesse, og eg innser at det er veldig lett å ha fordommar. Det å vera praktiserende muslim gjer ein veldig sårbar for fordommar. Ei muslimsk dame sa i eit program eg høyrde på radioen at noko av det verste var at mange gjekk ut i frå at alle muslimar sympatiserte med fanatiske terrorgrupper som IS. Bushra reknar seg som pasifist akkurat som eg gjer sjølv, og ho tek sterk avstand frå at valdsbruk skal ha noko som helst med islam å gjera. Akkurat som me etnisk og kulturelt kristne nordmenn forheld oss til religionen vår på veldig ulike måtar, så gjeld det same for muslimar.

Sjølv er eg så heldig å kjenna opptil fleire kvinner som bruker hijab i det daglege, noko Bushra ikkje gjer. Felles for dei kvinnene eg tenkjer på er at dei er sterke, modige, sjølvstendige og varmhjarta. Dette betyr sjølvsagt ikkje at det ikkje er ting i islam eg synest er vanskelege, men eg trur at om me skal få til ein god måte å leva saman på, så må me bli kjende med kvarandre, lytta til kvarandre og våga å bli glade i kvarandre.

Ein musikar eg høyrde på Sommar i P2. Bendik Giske, sa noko som var så fint at eg måtte notert det ned. Det handla om å forhalda seg til andre menneske. «Eg ser på deg, og liker det eg ser. Eg treng ikkje å lika meiningane dine, og eg treng ikkje å lika det eg har høyrt om deg. Eg veit bare at når eg ser på deg akkurat nå, så liker eg deg.»

Eit nytt skuleår er nesten som eit nytt år, så nye nyttårsløfte kan me godt ta med oss inn i det som kjem. Eg foreslår at det å lytta til folk som meiner andre ting enn oss og det å utfordra oss sjølv på å våga å lika folk me ikkje kjenner og som står for ting me sjølve er skeptiske til.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: