For livet skal vi slåss
Sist fredag stilde me opp i Stavanger med ein liten delegasjon frå familien for å vera med på klimabrølet. Via mobilen vart me oppdaterte med at Sunniva på same tida stod klar i Oslo for å brøla i lag med venninnene sine. Ein kan meina kva ein vil om betydninga av eit brøl og to, men det kjennest godt å få sagt i frå om miljøfrustrasjon, engstelse for framtida og ønsket om å gjera noko, om enn aldri så mikroskopisk for å betra sjansane for at barnebarn og eventuelt komande oldebarn og skal få ei grøn jord med reint vatn og reint hav å leva menneskeliva sine på.
Som me snakka om i bilen på veg heim, så er litt av problemet at me alle har så mange svin på skogen, så mykje me kunne gjort annleis og så mange små val i kvardagen som ikkje er berekraftige nok. Me er så vikla inn i vanar, oppdragelse og ei miljøuskuldig fortid at det ikkje er fort gjort å feia stien sin rein. Likevel ser eg små håp, små lyspunkt, små vendingar som tilseier at verda er på veg i rett retning. Dei vel eg å halda fast på. Eg stoppar meg sjølv og spør litt undrande om det er klimaaktivist eg skal bli når eg blir stor, så svarer eg meg med nokre linjer frå Ingrid Sjöstrand sitt dikt «Angår det mig, kanske?» «Angår vi varandra, du och jag och alla vi som råker leva här just nu och som det hänger på hur det skal bli här i världen? Kanske det, kanske…»
Denne tematikken er noko som vil visa att i den nye diktsamlinga mi som kanskje blir klar før jul og kanskje ikkje. Nå vil eg lufta nokre av desse dikta her og invitera til tankar og innvendingar om nokon kjenner noko til det når dei les. Eg er takksam for innspel for eg vil gjerne at råmaterialet mitt skal bli betre.
Så mykje
kan framleis halda henne oppe,
denne skjelvande, sårbare
og sterke jorda vår,
den einaste me har,
denne kloden av mold og støv og gras
fast og tålmodig
under føtene våre.
Ho som framleis kan bera oss,
vogga og lindra,
gje vatn til dei
tørste og
solvarme til dei frysande.
Ho som ved eit under
framleis er her
etter feberrier, forvirring,
kalde og varme krigar,
tørke og flaumar
og våpenlagar kaldare enn fantasien
sine barmhjertige
grenser.
Framleis finst det mykje
som kan bera oss og henne
gjennom forbi og bortanfor
alt me går rundt og frykter:
bøner, kjærleik, svarttrast-song.
snøklokker og humler
solsikker og barnebarn.
Utfordra meir enn
nokon gong
til tillit og klokskap
står me her med utstrekte hender
Fyll våre tome skåler
med håp og tru og kjærleik.
***
Med
reinleik og visdom
skulle me gå fram,
med tålmod og godleik
Eg skimtar
stadig spora
etter deg
det hender eg ser dei tydeleg
eg fylgjer dei
famlande, skråsikker og i blinde.
Kor skulle eg elles gå med meg sjølv
sterk som eg er og svak,
trøytt og
uroleg,
roleg og overmodig.
Eg fylgjer deg
med og utan solbriller
utan kart
og med alt eg måtte ha av mot og vilje.
( 2.Kor 6. 4-3)
***
Du som framleis leier dine
gjennom
skogar av alt me ikkje har visst om
gjennom brenningar av nedkjølt liv
og gjennom buldrande stormar.
Du som framleis er der
og skal vera
midt i alt
som koma skal.
Sjå til meg her går eg.
Eg plukkar stjerner
og syng nye songar om mot.
***
Skulder ved skulder
hand i hand
og dagane lysnar
merkbart nesten synleg
Frå dag til dag
drope for drope
smeltar isen.
Me stør kvarandre sine ryggtavler
med flate modige hender
Og går saman ut
For å redda verda
***
Det er fort gjort å la oss sluka
sluka av den store kvalen
med eller utan plast i magen.
Slukast av det store mørket
og enda i dødsskuggens dal.
Men visst
kan me koma oss ut att.
bli spytta ut og reka i land
på den rette stranda.
Her har skjedd under før.
***
Å gå her med eit lite menneske
med framleis ustø gange,
min intenst blåøygd kvitrande liten fugl
med musehaleantenner på toppen
og eit overmot av open uskuld.
til og med i raseriet
kvar gong ho støyter skoen sin
og snublar i steinar og røter,
med hudlaust tillitsfull framtid
som treng å møta rødhetteskoger
og enger med humler og bier
viper og ville bringebær.
Eg ber for henne som endå ikkje veit
om ei framtid der håpet må sigra
og løfter henne opp,
eit sommarbarn mot kroppen min.
Ho lener det vesle ansiktet
mot sida mi
med heile sin tillit og tyngde.
Eg held henne godt fast.
Klar til å vassa eg
barføtt i dei kalde bølgjene.
***

Heidi