Gå til innhald

Å gje slepp på august

august 31, 2019

Eg kan ikkje dy meg for å sitera Skjæraasen igjen når me skal nyta siste dagen i denne månaden som er «det mykeste myke jeg kjenner,
denne skjelvende streng mellom sommer og høst, denne dugg av avskjed i mine hender».

Eg skundar meg å fortelja meg sjølv at eg liker september og. Eg liker september veldig godt faktisk, så her er det bare å gje slepp. Det er bare å la årshjulet me viser dei minste elevane snurra roleg frå stikkordet «sommar» til stikkordet «haust». Om alt går som det skal og plar, så kjem sommaren tilbake før me veit ordet av det.

Nå skal me ta i mot litt kjølegare og litt mørkare dagar. Og framleis er årstida slik at mysteria og freden i naturen er godt synlege. «Dette lyset som hviler på modningens høyde, dveler og synker mot visningens dal.»

Eg er eit velsigna og grådig menneske. Sommaren har vore god, og nå er tida inne for å gje slepp på han for å gje plass til noko nytt.

Eg er ikkje i mål med diktsamlingsprosjektet mitt. Eg skriv og skriv frå notatbøker og lause lappar alt eg har skrive ned i sommar og vintrane og somrane før det. Framleis er det eit laust og ustrukturert råmateriale som kan bli til noko fint eller enda i den digitale eller fysiske papirkorga. Eg tenkte likevel å by på nokre tekstar der i frå. Det verkar litt skjerpande på meg sjølv. Eg tek gjerne i mot ros og ris og oppbyggjelege innspel om nokon skulle kjenna at dei får lyst til å kommentera. Når ein sit aleine med skribleria sine, kan ein lett bli litt blind og ufokusert.

*

Så står me her
saman og aleine
med dei sprikande liva våre
pakka tett rundt kroppen.
Står her med trass og håp,
med vrang og god vilje
og store haugar
av alt me ikkje makta
sjølv om me gjerne ville
blanda med bunker av alt som vart betre
enn nokon kunne ha venta.

Me står her med hendene fulle
av liv og knuste glasbitar,
med krukker fulle av skår,
og speglar fulle av sprekker.

Me står her med sorga
over alt som skulle ha vore
og takken for alt som vart.
Står her og er framleis i live
skjelvande, sterke og redde,
framleis med håpet
som gulltrådar
i furene i handflatene våre.

Sjå i nåde til nervebanane i våre levde liv
til spora me tråkka opp
der me skulle og ikkje skulle gå,
slik at dei ikkje blir andre til skade,
slik at gode ting kan spira
i furer av tap og tårer.

Så kviskrar me knapt høyrbart,
i takt med vår eigen pust og puls:
Så får du ha takk, då Gud,
deg høyrer livet til.

*

For alle som har uro i blodårene.
For dei som bur i lengten
og aldri slepp fri
tenner eg eit lys.

*

Med vemod opnar me for det vakraste
for mogning, rips og bringebær
for gult korn,
stankelbein,
og svarttrasten
som snart skal slutta å synga.

Dagane mørknar forsiktig,
og morgonane har med seg
eit skarpt drag
av noko me framleis ikkje vil kjennast ved.

Alt som har liv er velsigna.
Bare det som har vore kan bli borte.
Bare me som lever kan møta døden.

Det er me som er her
med vemod, undring og håp.
Barbeinte i det gulnande graset.

*

Eg kan nok tenkjast å by på meir seinare. Nå ropar andre gjeremål på meg.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: