Gå til innhald

To be or not to be?

september 27, 2019

Det er september, og haustregnet har sett eit preludium for ein dag som skal lysna og vakna til etterkvart. Ein dag med litt ekstra tenkjeplass, slik fredagane ofte er for meg, gav rom til nokre tankar eg rett og slett føler for å dela.

Den siste veka har debatten gått på internett og i sosiale medier om Greta Thunberg og kampen ho fører for klimaet. Eg skal ikkje gjenta det som har blitt sagt, for det reknar eg med at lesarane har fått med seg, eg vil bare seia at jenta har min fulle sympati, støtte og medkjensle. Det er ikkje lett å vera den som kjenner seg kalla til å gå ut i ein kamp med mange og sterke interesser som djupast sett angår oss alle på ein ubehageleg måte.

Dei fleste forskarane er einige med Greta Thunberg i hovudargumenta ho legg fram. Me står i ein overhengjande fare for å øydeleggja livsgrunnlaget vårt på jorda, og klimaendringar som kan bli dyre både økonomisk og menneskeleg er her allereie.

Eg veit at det er forskarar som seier det motsette og som meiner at dette dreier seg om naturlege ikkje-menneskeskapte temperaturendringar. Velsigne dei om dei har rett. Ingenting ville ha gleda meg meir. Eg har ingen som helst behov for å ha rett i det eg fryktar og trur når det gjeld denne saka.

I hovudet mitt har det dukka opp nokre bilete: Me står ein mengde menneske på ein flyplass og ventar på eit fly. Ein som har greie på flymekanikk stiller seg ved innsjekkinga og seier: «Det er stor grunn til å tru at dette flyet kjem til å styrta, me anbefaler alle å venta til neste avgang.» Dei fleste av oss, med meg i spissen ville straks ha opplevd det heilt utenkjeleg å gå ombord på dette flyet frå det sekundet av. Sjølv om det skulle stå ein annan flyingeniør i døra og seia «Eg er ueinig, dette går sannsynlegvis bra, trur me, så bare gjer klar for bording…», så hadde ikkje ti ville hestar fått meg inn i fartøyet.

Eit anna bilete: Om nokon sa at barnet mitt sannsynlegvis ville utvikla ein alvorleg sjukdom om det fekk lov til å eta frukt, så ville ikkje frukt stå på menyen sjølv om nokon sa at dei ikkje kunne vita 100% sikkert at det var slik.

For meg er det nokså innlysande at me må gjera noko fordi det ikkje lar seg bevisa at klimafryktskeptikarane har rett. Konsekvensane er alt for store om dei tek feil. Framleis kan dette gå bra om me har vilje og mot til å snu. Når eg ser kor mange menneske som demonstrerer i gatene og ser alt som har skjedd på kort tid, så tenkjer eg at håpet er levande. Håpet har eit ansikt. Mennesket er endringsdyktig når det må.

Eg veit at dommedagsprofetiar ikkje er noko nytt under sola. Det ville vera rart om dei var det. Så sårbare og små me menneske er her me virrar rundt på ein trua klode i eit univers me ikkje anar omfanget av, så måtte me vera særdeles fantasilause om me ikkje var redde av og til. Sjølv vaks eg opp under den kalde krigen og hugsar framleis at eg stod under ei gatelykt i Solåsvegen i lag med Else, Einar og Morten og diskuterte om me kom til å få oppleva å bli vaksne. Det fekk me heldigvis.

Historier gjentek seg. Ein mann ved namn Jona, som er betre kjend for å ha vore i magen på ein stor fisk, prøvde å vri seg unna oppdraget å dra til byen Ninive for å framføra ein domsprofeti. Om ikkje folket tok tak og snudde heilt om, ville byen bli øydelagd. Jona var sint på Gud då byen viste seg å bli berga frå undergangen. Nå kunne ingen bevisa at domsprofetiane hans hadde vore nødvendige.

Så langt har det ikkje blitt lagd på skuldrene mine å reisa til Ninive, men store fiskar døyr med magen full av plast, og historia om Jona verkar meir aktuell enn eg nokon gong før har trudd at ho var.

Dersom Greta Thunberg har rett i det ho seier, så er det ikkje første gongen sanninga kjem frå barnemunnar. Det er brukt mot henne at ho har Aspergers syndrom, men i dette tilfellet kan det kanskje tenkjast å vera ei styrke som ho sjølv seier det, å ikkje vera alt for opphengd i mellommenneskelege sosiale spel om aksept.

Om barna våre er redde, så er det kanskje ikkje utan grunn. Då kan me koma med dei positive forteljingane om håp, samhald og endring. Mennesket lever ikkje aleine av brød, raudt kjøt, lange flyreiser og luksuriøse vaner. Det er bare så vanskeleg å vita kor me skal starta, for det er så mykje me kan koma til å måtta endra på. Ingen av oss har reine hender, og ingen av oss har alle svara. Likevel har eg eit håp om at det kjem til å skje, eg trur mennesket har sterk overlevelsesevne og sterk endringskapasitet når me bare kjem så langt at me ikkje ser andre utvegar.

Det er spennande å leva og spennande å håpa. Me er omgitt av så mykje godt og fint og saman er me sterke. Det må me velja å tru.

Heidi (58 år, og på grensa til å bli klima-aktivist).

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: