Voggevise

Denne veka fyller veslejenta to år. I går feira eg det med å skriva ei voggevise. På spørsmålet frå meg sjølv om voggeviser er for nyfødde og ikkje for to-åringer, så svarar eg at to-åringer og treng songar å sovna til og vakna til. Eg har den ærlege overbevisning at barn skal få lov til å vera små lenge samtidig som dei utviklar seg i ein fart som får oss vaksne til å nesten bli fartsredde. Dei skal ut i ein stor og utfordrande vrden og treng alt dei kan bera med seg av kjærleik, mot, håp og tillit. Barn som blir borne medan dei er små får meir kraft til å bera med når dei blir store.
Det var desse tankane eg gjerne ville formidla i teksten under. Som eg nesten alltid skriv når eg legg ut nye tekstar, så kan det henda at eg kjem til å forandra på noko. Eg veit ikkje om eg er heilt fornøgd med alle formuleringene, men nå får teksten liggja litt til mogning. Grunnen til at eg vågar å leggja han ut er at eg av erfaring veit at det kan koma kloke tankar og innspel i denne kanalen. Ha ein god oktoberdag, alle saman.
Voggevise
Bysse, bysse liten venn,
bysse lita jente,
du er viktig, du er her,
resten kan få vente.
Her i varme, håp og tru,
skal du kvile, vesle du,
bysse, bysse håp og barn,
stjernene er tente.
Bysse, bysse, barnet mitt,
det finst mange farar.
Mange spørsmål ventar deg,
mange stemmar svarar,
men i varme, håp og tru,
skal du vekse, vesle du,
vekse og bli sterk og trygg
slik at motet varar.
Bysse, bysse, tid skal gå,
livsveven skal veve
du skal danse, gråte, le,
elske, synge, streve.
Ta med varme, håp og tru,
ut i livet, vesle du,
tillit nok til vegen din,
livet skal du leve.
Heidi
