På tur med mitt harde og alt for mjuke hjarte

Det eg skal skriva om nå er noko eg faktisk synest er veldig vanskeleg å forhalda seg til. Er det noko eg ikkje kan fordra å måtta gjera så er det å stålsetja hjartet mitt. Av og til kjem ein i situasjonar der ein går vidare med følelsen av å vera eit kaldt og uvennleg menneske eller ein lettlurd person heilt ute av stand til å setja grenser, same korleis ein snur og vender seg… Og mine kjensler er på ingen måte den største utfordringa i dette.
Eg går av bussen på bussterminalen i Oslo. Etter ikkje så alt for mange meter kjem eg til ein gut med eit pappkrus framfor seg. «Hjelp ein norsk narkoman gutt som trenger penger» står det på skiltet. Eg går forbi og tenkjer at eg nok ikkje hjelper han veldig ved å gje han pengar til meir rus. Eg prøver likevel å smila oppmuntrande til han.
Eg har ikkje kome langt oppover Karl Johan før ei dame i langt skjørt vil selgja meg «Folk er folk» for 100 kr. Eg vil heller kjøpa enn å bare respondera på tigging, så eg finn fram lommeboka. Då står det ein kollega av den første der og treng pengar til medisin. Eg prøver meg på eit smil og eit “Dessverre ikkje i dag. » Ho peikar på 50 lappen ho ser i lommeboka og seier at den vil vera til god hjelp. Ho får femtilappen. Etterpå spring dei etter meg og fortel om sjuke barn og om behovet for ullteppe for dei som skal sova på gata. Eg seier så vennleg eg kan at nå har dei fått det dei kan få av meg i dag.
To hundre meter lenger oppe står ei ung jente som fortel meg at ho er gravid, og veldig, veldig svolten. Eg tenkjer at det siste i det minste sikkert er sant, og tek henne med inn på eit bakeri og vil kjøpa eit par bollar til henne. Ho seier med veldig tynn stemme at ho er så veldig svolten og heller vil ha ein hamburgar. Me går inn på hamburgarsjappa og eg kjøper den billigste hamburgaren til henne. Då ho gjerne vil ha meir, seier eg litt irritert at nå har ho fått mat og at det ikkje er lurt å masa om meir når nokon gir henne noko. Utanfor sitte ein norsk gut med eit skilt om at han er veldig svolten og lenger nede står det ein som vil selgja =Oslo.
Eg veit nesten ikkje om eg vil leggja ut dette, for eg vil absolutt ikkje trigga eit ramaskrik om organisert tigging og bakmenn osv. Eg trur på dei, om ikkje på alle historiane deira, og eg trur ingen skal misunna dei som sit på eit iskaldt fortau med eit pappbeger framfor seg. Eg ynskjer av eit oppriktig hjarte å hjelpa dei som har det vanskeleg. Spørsmålet er bare, korleis møter me denne utfordringa på ein god måte utan å gå i den fella å lata som om dei er luft og usynlege?
Eg går før den unge jenta får hamburgaren sin. Eg legg handa lett på skuldera hennar og kviskrar «God bless you» før eg spring.
Heidi