2.2.20

Datoen såg så fin ut at eg måtte bruka han til overskrift. Eg kunne og ha skrive at dagen frå gammalt av er rekna som den første vårdagen, eg kunne og ha skrive at eg sit på litteraturhuset i Oslo med noko varmt i koppen og open skrivebok. Eg kunne ha nevnt at sola skin ute, og at det er nesten vårstemning i Oslo sentrum i dag.
I går hadde me ei veldig fin feiring for Torun som fylde runde år. Me var i eit tidlegare kornlager på Helgelandsmoen det dei hadde gjenoppbygd ein kafeteria frå 1920- talet som den gongen låg i Hønefoss. Det var nesten som å koma inn på ein gammal kafeteria i Paris eller noko slikt. Me var 18 damer som koste oss der frå klokka fire om ettermiddagen til langt utover kvelden. Jubilanten fekk gode ord, songar, dikt og klemmar. Neste helg er det me som skal arrangera stor dag. Det er blitt tida for slikt.

Noko av det største for meg var å få helsa på denne vesle hjarteknusaren, Torun sitt tre månadar gamle barnebarn, William. Eg er framleis umetteleg på det å få eit spebarn i armane mine.
Elles kan eg melda at livet rundt meg skjer og skjer. Januar har vore ein månad full av små og store, viktige og uviktige hendingar, og lite har eg fått dokumentert i dette forumet. Ein del kjem kanskje sånn etterkvart. Av og til blir det slik at uskrivne innlegg samlar seg på harddisken der inne ein plass, og så veit eg mest ikkje kva ende eg skal begynna på når eg set meg ned for å skriva.
Ha ein fin februardag alle saman 😊
Heidi