Gå til innhald

Ett ögonblick i sänder

mars 23, 2020

Orda gøymer seg og lengtar

Distansen
mellom hjarta våre
og alt det som vart,
vart leiken i denne slekta.
Me er barn som leiken
har gått i stå for
her me gøymer oss i kleda våre
og mellom alle tinga.
Orda gøymer seg for oss
og lengtar etter
alt hendene våre skulle ha bygd
saman med hjarta våre
alt me skulle elska oss inn i
og ut av.

***

På torsdag for halvanna veke sidan hadde eg vore barnevakt for barnebarnet om kvelden. For ein gongs skuld brukte eg bil og ikkje sykkel
og under jernbaneundergangen kunne eg lett ha krasja, eg vart nemleg heilt opphengt i at eg såg ein mann med munnbind stå og mala med sprayboksar. Motivet var allereie så godt som ferdig, og eg vart heilt fascinert over kor fint det blei. Resultatet ser du på biletet øverst på sida: Kjærleik i Koronaen si tid. Eg har etterpå forstått at mannen eg såg var street-art-kunstnaren Pøbel. Det er nesten så eg angrar på at eg ikkje sette frå meg bilen og gjekk for å ta eit bilete av mannen i arbeid. Dette motivet har den siste veka vore eit av dei mest brukte på lokale instagramkontoar.

I ettermiddag måtte eg ut i vinden og veret for å få litt trim og frisk luft. Eg hadde og nokre små ærend, eit av dei var å få fiksa ei «nasepute» som har falt av på brillene mine. Det eg ikkje hadde forutsett var at både optikaren og det meste av butikkane i sentrum var nedstengde. Det var nesten som å gå omkring i ein spøkelsesby. Heldigvis har eg eit reservepar med briller viss gnaginga blir for påtrengande. Eg fekk nå kjøpt meg eit par nøster strikkegarn og to Ludde-bøker som eg skal lesa for veslejenta. Eg hugsar at mine barn i ein viss alder elska den underfundige humoren i Ludde-bøkene, og nå har veslegullet nådd det stadiet. I eit relativt øde sentrum møtte eg to tidlegare kolleger etter tur og me vart ståande på nokre meters avstand og prata litt medan me gjorde eit lite nummer av at det ikkje var lov å koma nærare kvarandre enn to meter. På nettet har eg allereie begynt å leggja planar med folk om kva me kan gjera når Koronaen løyser jerngrepet. Det er nesten slik eg har innbilt meg at folk gjorde det i krigstid.

Det var litt trist å gå forbi kulturhuset og sjå den store lysplakaten for forestillinga Marionett, som skulle vore vist to heile dagar og ein kveld denne veka. Det er ei forestilling 10.-klasse-elevane i kulturskulen og lærarane deira har brukt hausten og vinteren på å laga og øva inn. Sjølv leia eg ei manusgruppe som laga manus, og det er blitt laga kulisser, korreografert dansar, arrangert og øvd inn musikk. Dette året skulle me til og med byggja opp eit slags stillas som gjorde at forestillinga foregjekk i to plan. Alle skulane i kommunen var inviterte til å koma for å sjå på. For ca to veker sidan innsåg me at forestillinga nok kom til å ryka og vart litt leie oss. På dei to vekene som har gått har det skjedd så mykje at verdsbiletet omtrent har blitt snudd opp ned. Det skal bli spennande å sjå om dei to neste vekene vil gjera like mykje med oss og tenkjemåten vår. Me veit ikkje heilt kor me skal hen og kor det heile ender.

Heimeskulen går sin gang og me gjer oss stadig erfaringar. Læringskurvene er bratte, spesielt bratte er dei for nokon av oss. I dag laga eg eit opplegg der eg filma meg sjølv medan eg viste ein powerpointpresentasjon knytta opp til biletkunst med motiv frå palmesundag og påskedag. Etter ca tre forsøk tenkte eg at det fekk vera greitt nok, så viste det seg at plattformen me bruker ikkje kunne lasta opp så store filmar… Det ende med at eg måtte gjera det på ein heilt annan måte, leggja ut bileta og laga ein liten film der eg sat i sofaen og fortalde om kva som skjedde palmesundag og skjertorsdag. Det er uvant og ikkje spesielt kjekt å sjå seg sjølv på film. Kor tid fekk eg masse rynker på halsen? Det blir vel ein vane. Opptaket vart nokså amatørmessig, så kanskje det elevane legg merke til er den grå katten som klatrar rundt på skuldrene mine medan eg fortel. Dei er jo forresten vane med å sjå meg. Det er jo faktisk bare meg sjølv akkurat det er nytt for. Og visst er det interessant å få prøvd seg på nye ting.

I dag vil eg slutta med ein salmetekst eg er glad i. Eg er ein stor fan av Lina Sandell. Eg liker best tekstane hennar på svensk originalspråk så slik får det bli. Eg synest teksten passar i ein kvar livssituasjon, men eg vil påstå at han passar heilt usedvanleg godt til den me er oppi akkurat nå:

Blott en dag, ett ögonblick i sänder,
Vilken trost vad an som kommer på!
Allt ju vilar i min Faders händer,
Skulle jag, som barn, val ängslas då?
Han som bar for mig en Faders hjarta,
Giver ju at varje nyfödd dag
Dess beskärda del av fröjd och smarta,
Moda, vila och behag.

Själv han ar mig alla dagar nära,
For var särskild tid med sarskild nåd.
Varje dags bekymmer vill han bära,
Han som heter bade Kraft och Råd.
Att sin dyra egendom bevara,
Denna omsorg har han lagt på sig.
«Som din dag, sa skall din kraft ock vara, «
Detta löfte gav han mig.

Hjälp mig då att vila tryggt och stilla
Blott vid dina löften, Herre kär,
Ej min tro och ej den tröst forspilla,
Som i ordet mig förvarad ar.
Hjälp mig, Herre, att vad helst mig händer,
Taga ur din trogna fadershand
Blott en dag, ett ögonblick i sander,
Tills jag nått det goda land.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: