Gå til innhald

Ikkje lite bare det

mars 22, 2020

Ikkje lite bare det

Det er bare oss,
me som går her i mørket
med håpet og trua og kjærleiken.
Det finst dagar
då mørket vil ta
stemmen og motet frå oss
når skodda festar seg
i halsen og i nasebora.
Det finst dagar me snublar
i småstein i mørket
og dagar me ikkje trur
at det går an å finna fram.

Ikkje lite bare det
at me framleis går her.

***

Det er sundag kveld. Morgondagens skule ligg klar på ipaden. Det har nesten, men bare nesten, blitt ein vane at det er der i frå alt foregår og at det blir frå kjøkkenbordet av. Eg er spent på om denne perioden blir forlenga. Det skulle me visst nok få informasjon om ein av dei første dagane i veka som kjem. Eg har vel mest tru på at skular og barnehagar vil vera stengde fram til påske i alle fall, men nå får me sjå.

I dag har me vandra gatelangs i Stavanger med barnebarnet delvis i vogn og delvis på eigne føter. Ho betraktar livet med eit interessert blikk frå kulerunde intenst blå auge. Me kikka inn i eit butikkvindauge då ho uttalte: «Dørå æ stengde, og dæ æ barnehagen åg!» Det måtte eg jo seia meg einig i, men då eg spurde om ho visste korfor barnehagen var stengd, så hadde ho ikkje så mange teoriar rundt det. Me såg på skulpturane i byen og snakka om dei og me prøvesat diverse benker og mata duene nede ved Breiavatnet.
Det er så spennande å sjå på verda gjennom blikket til ein toåring. Nå når ho er blitt så flinkt til å snakka er det og utruleg spennande å få litt innsikt i kva tankar som sviv rundt i hovudet deira. Kanskje heile denne rare situasjonen gir oss alle litt meir barneblikk. Me kan ikkje lenger gå på rutine og autopilot, men er henviste til å la vegen bli til etterkvart. Me lar oss forbausa, sjokkera, overraska og skremma. Og liva våre er litt eller veldig annleis enn vanleg.

Her står me med begge beina planta i den norske etterlengta våren, og samtidig er situasjonen så spesiell at eg nesten klyp meg sjølv i armen og lurer på om eg vaknar snart. Det er godt me har våren på vår side. Kveldsbøna eg syng kvar gong eg legg vesle Iben akkurat som eg gjorde kvar gong eg la dei fire barna mine kjennest meir aktuell enn nokon gong før:


La ingen krig og sult og sott
få gjøre oss fortred.
La alle leve trygt og godt
i frihet og i fred.

***

Eg veit at eg av og til ser litt vel mykje situasjonshumoren i det meste, men galgenhumor har bore mange gjennom det meste. Derfor tek eg sjansen på å avslutta på fylgjande måte i dag:

Det tar på å vera på hels med nokon
På måndagen var oppskrifta albue mot albue
På tysdag joggesko mot joggesko,
På onsdag var den slags avlegs
Då hadde avstanden blitt to meter,
og plagsomt langbeint har eg aldri vore.
Nå gøymer eg meg bak munnbindet
og håpar naboen ikkje kjenner meg att
her me står i same gate
og fryktar hostepolitiet
medan me desinfiserer kvar vår postkasse.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: