Gå til innhald

Vev meg ei hette av mot

mars 25, 2020

Vev meg ei hette av mot

Vev meg ei hette av mot
til å dekkja min nakne nakke,
til å verna det solfarga håret
som kruser seg mot ryggen.

Vev meg ei hette av brustne draumar,
vev meg ein kappe av skjelvande håp.
Ta meg med til den staden
der svarttrasten syng
i timane før dagen gryr.
Ta meg med til sekunda
mellom draum og vaken dag,
og våg å møta blikket mitt.

***

Diktet over er henta frå diktsamlinga «Eg høyrer heime i livet» som kom ut i 2017. I dag tenkte eg på at nå kan me trenga ei hette av mot. Eg trur verdiane våre kan fungera som ei slik hette. Verdiane og haldningane og alt me har av solidaritet og nestekjærleik. Så får me bare finna ut korleis me best forvaltar desse verdiane akkurat nå. Me står i rare vurderingar me aldri før har møtt, kven skal me våga å treffa ansikt til ansikt? Korleis skal me klara å ta vare på kvarandre når me ikkje får lov til å treffast? Eg tenkjer igjen på songen til Sigvart Dagsland: «Kan me elska uden nagen hud» og på Leonard Cohen: «Touch me with your naked hand, or touch me with your glove, dance me to the end of love».

Eg meiner eg las i ei eller anna etikkbok ein gong at haldningane våre skal vera som eit automatisert verdisett me kan lena oss mot i situasjonar der me av ulike grunnar ikkje er i stand til å tenkja klart. Klar tanke kan fort bli stoppa både av angst, panikk, impulsivitet og stress. Måtte Gud og livet gje oss god vurderingsevne så me kan bruka haldningar og verdiar til å handla rett og klokt nå når me beveger oss i eit landskap ingen av oss kjenner frå før.

Det skjer noko interessant med oss i desse dagane. Me kjenner på ein ny måte kva som er viktig. Eg trur det er litt som å vera alvorleg sjuk, me ser betre kva som har verkeleg verdi og kva som er bare tomt fjas. I glimt ser me kor bortskjemde me er og kor mykje tid og krefter me ofte bruker på noko som kanskje ikkje har så høg verdi når alt kjem til alt.

I går var eg rett og slett glad for at regjeringa valde å forlenge tiltaka. Eg forstår betre enn for to veker sidan kor mykje som står på spel. Eg har erfart kor vanskeleg det er å la mange hundre ungar vera i rom der ein skal halda avstand, ikkje hosta eller nysa og alltid vera rein på hendene. Den siste veka med skule brukte me eit kvarter av kvar skuletime på at alle elevane skulle få vaska hendene etter friminuttet. Dei kom og med problemstillingar som denne: «Han tok jo på dørhandtaket då han henta melk, då må me vel vaska melkekartongane».

Eg er oppriktig takknemleg når eg ser Erna Solberg, Bent Høye og Camilla Stoltenberg roleg leggja ut om tilstandane i landet vårt. Eg grøssar til langt inn i sjela når eg ser andre, ikkje her namngitte statsleiarar handtera større kriser enn den me står i. Eg vågar å tru på dei når dei seier at dette skal me klara.

Det er blitt så inn i tida, den som bare har vart i to veker å klappa for nokon. I dag vil eg rett og slett få klappa litt for skuleelevane våre. Dei har teke det å plutseleg vera på heimeskule på strak arm. Kvar dag i åttetida loggar dei på platformane våre og jobbar som heltar. Det er utruleg lite syting og klaging å høyra, og når me ringer dei opp til samtaler med blikkontakt smiler dei og seier at dette går bra. Det er litt kjedeleg, men det går heilt fint, og dei gleder seg til å møta medelevar og lærarar igjen, helst rett over påske.

La oss ta på oss hetter av mot og gå rakrygga ut i livet med varme hjarte.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: