Lett forvirra pilgrimar

Som lett forvirra pilgrimar
vandrande i eit landskap me ikkje kjenner att,
står me her og ser.
Me trudde me kjende kartet,
kor kjem desse myrene og fjelltoppane frå,
desse endelause lyngheiene i halmgule vinterfargar?
Som villfarne småbarn står me her
og ser utover ukjende rullesteinsstrender,
uten å vita om nokon har gått her før oss.
Så høyrer me lerkesongen
og ser vipepar yrt tumlande i lågt svev over markene.
Visst skal me finna fram denne vegen og,
og ser me nøye etter
aner me små piler av mot
i grusen og i graset.
Dei skal me tru på.
***
Teksten over er eit stykke stuntpoesi, delvis dikta direkte inn på sida. Slikt kan ein tillata seg på sin eigen blogg, når ein veit at her må ein opna for innfall og spontanitet om prosjektet med ein tekst kvar dag skal kunne gjennomførast. Dette er ikkje eit «flink- pike-prosjekt», men ein trong til å ta dagane på pulsen og kanskje vera til trøyst og oppmuntring for ein eller annan der ute.
I går reiste me ned til Vik igjen, parkerte ved Vighålå, og gjekk ned til stranda. Me oppdaga for ei veke sidan kor fint det er der nede. Denne gongen gjekk me til venstre i staden for til høgre og gjekk langs steinstrender eg ikkje har visst om. Me haldt oss heilt ute i havkanten og klatra over ein og annan gjerdeklyvar for å koma oss vidare. Det var fantastisk å sjå fleire viper enn eg har sett samla på mange år. Lerka song så fint at ein kunne gråta, måkane flaug skrikande over bølgjene og tjeldar gjekk i vasskanten. I ei lita bukt var det ender og eit svanepar. Medan me gjekk der brukte sola lang tid på å bli meir og meir oransjefarga og koma nærare og nærare havflata.

Ute i naturen følest livet heilt normalt og i herleg vårmodus. Eg hektar meg på ein større diktar enn meg og siterer:
Men lerka stig av gløymde grav med sigersljod,
og vinden stryker inn av hav så frisk og god.
Og om me kjenner gråt og gru og saknad sår
så må me lerkesongen tru som lovar vår.
Arne Garborg
***
I dag skreiv elevane våre tekstar om besteforeldra sine. Dei var hjartevarmande lesnad for i alle tekstane var det slik ein kjærleik til desse høgst ulike menneska som var besteforeldra deira. Ein gut sa om mormor si: » Ho har eit veldig godt smil som ein kan gå og tenkja på lenge». Det var då nydeleg formulert. Så alle besteforeldre og alle dokker andre: La oss vera rause på gode smil som andre kan gå og tenkja på lenge. Eg tenkte at besteforeldra skulle bare vita kor fint barnebarna skreiv om dei, så eg oppfordra dei til å senda teksten vidare til dei han handla om. Ein kan vera viktigare for andre menneske enn ein sjølv trur.
Heidi