Gå til innhald

Alt det galne

mars 28, 2020

Alt det galne

Når alt det galne
plutseleg bare ligg der
og stenger oss inne.

Når utsikta er fjelltoppar
med problem på, 
og alt det me ikkje orkar
lyser kaldt i mot oss.


Då skal me snu oss rundt,
gå ein annan veg,

Leggja oss ned i graset,
kikka opp på himmelen,
la fjella liggja der dei ligg.

Heilt til me ein dag
klare til kamp,
finn fram hakker og spader,
putter fisherman i lomma
og bretter opp ermene.


Fjell spring aldri frå deg.

Det kjem alltid
ein og annan dag
med skarp luft 
og ein oppmuntrande
vind i nakken;
som var han skapt for
å snøra på seg klatresko.

Då skal me rappellera
med boltane i fjellveggen
og isøksene dinglande

kjekt frå beltet.

Med fryd i leggmusklane
triumf i brystet
og kuling i håret
skal me stå der,

med frie blikk
oppe ved varden.

***

Eg sovna med strikketøyet i hendene framfor fjernsynet. Det siste eg såg var eit glimt av Ole Paus, men eg anar ikkje kva han snakka om. Den siste veka har eg sovna i sofaen kvar kveld, det er ikkje likt meg. Eg har ofte vakna av meg sjølv før klokka seks om morgonen. Det er absolutt ikkje likt meg.

Dagane med fjernundervisning er intense, og eg er takknemleg over at me og elevane får dei til å fungera så godt som dei faktisk gjer. Om ei veke blir det påskeferie. Det blir ein annleis påske i år, heilt på kva måte det blir mest annleis veit eg ikkje.

Me har ingen hytte og heller ingen tradisjonar om kvite vidder, ski og appelsiner. Den slags la eg frå meg då eg slutta å reisa på påskeleirar til Liland for førti ein år sidan. Påske for oss har vore mykje familie og mange rundt bordet, ungar som kjem heim på påskeferie, påskefrokost med gode vener, mykje besøk, turar langs strendene, ulike gudstenestar, ofte med midnattsgudsteneste påskenatt og kanskje forskjellige kyrkjekonsertar.
Dei siste åra har eg og ofte vore med på å arrangera familiedag på Hå gamle prestegard 2.påskedag med leiting etter påskeegg, koking av egg og pølser i fjøresteinane, påskeverksted for barn og forteljarstunder.

Noko av dette vil det vera mogleg å gjera i år og. I alle fall turane. Gudstenester og konsertar får me ta heime med hjelp av digitale medier.
Kor mykje me får sjansen til å vera i lag med andre vil visa seg. Det kjennest trist at det sosiale ikkje kan bli som vanleg, men eg innser at det er ein bagatell i den store samanhengen, og at det ikkje er meg det er mest synd på.

Det gjer vondt å observera korleis viruset spreier seg rundt i verda, det finst mange land som er mykje dårlegare rusta til å ta i mot ei sånn krise enn oss. Som så ofte elles er me dei privilegerte. Eg håpar me ikkje gløymer at me deler jorda med mange andre og at det å vera medmenneske ikkje bare gjeld i forhold til våre næraste.

I kveld vil eg be for alle som er ramma av epidemien og for alle som er engstelege, redde og einsame. Eg utfordrar dei som er komfortable med ordet bøn til å gjera det same. Det går og an å tenne eit lys og senda alle dei berørte varme tankar. Det går til og med an å tenne lys i auga og hjartet og bera det med seg ut i desse rare dagane me deler med så mange, sjølv om me deler på to meters avstand.

Medan eg sit her og skriv, demrar det for meg at eg trur Ole Paus kanskje sa noko om at midt i alt dette som er vanskeleg så kan denne krisa koma til å endra oss på ein positiv måte? Eller så drøymde eg det kanskje bare?

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Linda Grødal Solhaug permalink

    ♥️Hei 😀
    Takk for fine ord og påminnelser Ha en fin helg Nå kan vi ut å🚶 plukke blomster💐 og regner med at du fortsatt er glad i det ennå 🌼🌼💮🌻🏵️🌸🌺

    Klem fra Linda

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: