Gå til innhald

Oppoverbakkar i kraftig motvind

mars 28, 2020

Ein slags form for styrkje må det vel
liggja i det å vera fødd med gummistøvlar.
I det å alltid ha regntøyet øverst i skuleranselen
og i denne vissa
at paraplyar ikkje er til å stola på.
Dette å vita at både regn og vind i ansiktet
er slikt ein må rekna med om ein skal koma fram.
Noko må han vel ha avla fram i oss,
denne evige nordavinden,
eller til ei avveksling, nordvesten.
I det minste har me fått venna oss til
å sykla oppoverbakkar i kraftig motvind,
og å aldri ta det for gitt
å koma tørrskodde til noko som helst.
Me har alltid visst at sommarhatten
nå med det same
eller om ein halvtimes tid
kan blåsa på sjøen og bli borte for godt.
Noko må vel sitja att
etter ein lang barndom på sundagsskulen
og etter å ha vakse opp med ei bestemor
som pakka nistematen i brukte sukkerposar.

***

Diktet over er skrive nå i kveld, og kan absolutt koma til å bli forandra og forbetra. Ideen fekk eg i dag då eg gjekk ein lang tur i kald nordavind og tenkte det same som eg har tenkt mange gonger: Me må jo på eit eller anna plan ha blitt sterkare av all denne motvinden… I så fall så kan det kanskje koma vel med nå.

I løpet av mine år i hovudstaden tok eg meg mange gonger i å lengta etter ein skikkeleg haust- eller vinterstorm der ein kunne gå ut og kjenna seg litt ruska opp i. Vermessig var åra mine på sørlandet og austlandet ein kulturkollisjon av det siste. Eg sat på bussen og høyrde eldre damer snakka om «denne forferdelige vinden som har blåst hele uken» og tenkja til mi overrasking at et ikkje hadde lagt merke til at det hadde vore vind i det heile tatt.

Ein gong i det første året mitt som lærar kom regnet for ei gongs skuld litt sidelengs slik eg var van med. Då eg kom på jobb vart det innkalt til morgonmøte der temaet var om me kunne senda elevane ut i «dette forferdelege været». Eg fekk nåde til å teia om at slikt vær hadde me minst ein gong i veka då eg gjekk på skulen».

Visst skulle me ofte ynskja det annleis, men me er vane med det. Me veit at me må ta klimaet med på kjøpet som ein del av prisen for å bu i det mange av oss jærbuar er overbeviste om må vera det finaste landskapet me har her til lands, ja kanskje i heile verda… At det siste kan diskuterast om ein er vaksen opp i eit landskap med sol og vindstille er me heilt klare over…

Dagen har vore fin denne rare tida til tross. Eg sykla ut i vinden og fekk kjøpt meg store mengdar strikkegarn, ei bok til barnebarnet, bringebær, blåmuggost og maiskjeks. Eg snakka med trivelege kolleger på to meters avstand og sette på øyreproppar slik at eg kunne høyra på P2 mens eg gjekk ein lang tur langs Frøylandsvatnet. Det er første gong eg har kombinert ein gåtur med det å høyra radio, det er ei oppleving eg kan anbefala. Det blir nå grønare og grønare ute, og i skogen vaks det påskeliljer som nokon vel må ha planta der ein eller annan gong. Heime fekk me vaska og rydda litt før me åt nydeleg fiskesuppe med både laks, kvit fisk, ein rest med fiskepudding og reker.



I kveld klarte eg å strikka i timesvis utan å sovna. Me såg ein episode av TV-versjonen av «Min briljante venninne» etter bøkene av Elena Ferrante som eg las med stor interesse for nokre år sidan. Serien kan anbefalast. Eg fekk og med meg Skavlan der ein astronaut som så vidt eg kunne forstå hadde opphalde seg i lengre tid aleine ute i verdsromet. Korfor nokon kan ha nokon som helst interesse av noko slikt går langt over min forstand, men vedkomande meinte at for å leva avsondra frå verda måtte ein for det første tru at ein hadde ei viktig oppgåve å utføra og for det andre å laga ein fast struktur på dagane. Det siste kan det jo vera me kan læra noko av.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: