Gå til innhald

Me treng det alle saman

mars 29, 2020

DET ER ALDRI FOR TIDLEG ELLER FOR SEINT

Det er aldri for tidleg
eller for seint
til å frysa på føtene
eller å kjenna på denne milde kvalmen
som alltid ligg der saman med alt
som aldri hende,
som kanskje ein dag,
i morgon
eller i eit anna tiår,
kan koma til å skje likevel.

La oss retta ryggane
og smila ømt gjenkjennande
til kvarandre,
me treng det alle saman.

***

Klokka er stild og reint klokkemessig blir me nå innlemma i det sympatisklydande ordet sommartid.

I dag har det foke snøfiller der ute for sånn omtrent første gongen i år. Men lyset har me fått tilbake. Det kan koma til å bli ein tidleg morgon i morgon sjølv om vegen til kontoret er kortare enn nokonsinne. Denne rare våren byr i dag på knallgule løvetann. Eg har alltid likt slike blomar.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: