Fort gjort å la seg sluka

Eg og profeten Jona
Ikkje bland meg opp i dette,
sa Jona då Gud peikte
med Gudsfingeren sin på vondskapen.
Han prøvde å flykta frå Gud,
heilt som om han var deg eller meg,
minst like redd som eg ville ha vore,
og vart utpeikt til å bli kasta ut i sjøen.
Og Jona låg
i fisken sin buk.
Der hamnar nok eg og
om eg ikkje får hjelp
til ikkje å flykta.
Men korfor eller korfor ikkje
akkurat meg?
Den store kvalen
Det er fort gjort å la oss slukast,
slukast av den store kvalen
med eller utan plast i magen.
Slukast av det store mørket
og enda i dødsskuggens dal.
Men visst
kan me koma oss ut att,
bli spytta ut og reka i land
på den rette stranda.
Her har skjedd under før.
***
Diktboka eg gav ut før jul «For humlene si skuld» handlar om å ta vare på jorda, på naturen og på menneska. Ho handlar og om håp, om håp i vanskelege tider, og om å våga å handla når magekjensla seier at det er det ein må.
I vår var eg på ein familiefokusgudsteneste i kyrkja vår med fokus på Jona, mannen som vart slukt av den store fisken. Plutseleg høyrde eg forteljinga på ein heilt ny måte. Mange har kanskje gløymt bakgrunnen for at Jona havna i fiskemagen. Han prøvde å flykta frå det han forsto at han var kalla til å gjera. Då fisken spydde han opp att etter tre dagar ,var han klar til å handla, men framleis redd for å tapa ansikt.
Kanskje kvalen kan stå som eit bilete på mørke og avmakt? Det som vil sluka oss sjølv om me strittar i mot? Det kan henda det kjem ei framtid etter at kvalen har symd vidare, eller den store fisken som det vel eigentleg står i historien.
Enten me trur at det finst ein Gud som kan kalla oss til å forandra ting, eller me trur noko heilt anna, så hender det at me bare veit kva som er rett av oss å gjera. Då gjeld det bare å ha gjennomføringsmot.
Korfor eg valde denne teksten i dag? Først og fremst fordi eg kikka på bileta eg hadde teke på turen i dag og plutseleg såg at denne steinen likna veldig på ein stor og kald og svolten fisk.
Heidi