På veg mot alt me ikkje kjenner

ME ER PÅ VEG MOT ALT ME IKKJE KJENNER
Me er på veg
mot alt me ikkje kjenner,
ridande på store hestar,
eller på gamle syklar,
engsteleg smilande,
men klare for det meste,
for snart er det tida.
Snart er det tida
for kirsebærtreet til å bløma,
tida for å dryssa små kvite kronblad
mot graset som snart skal bli grønt.
For me bur i desse dagane som kjem og går forbi
så fort dei har ein sjanse.
Alt har ein avskjed i seg, alt ber på ein lengt
i opne eller lukka hender.
Så står me her ved portane,
opnar dei og lukkar dei,
ofte med forventing,
alltid med vennleg vemod,
mot alt som blir og er.
***
Våren er her på sitt blåsande sørvestlandske vis. For kvar dag blir det fleire og fleire blomar i
hagane i gata vår. Trea blir langsamt grønare og grønare, og eg erfarar at det stemmer det dei sa i radioen i dag: Pollensesongen er her. Det kjennest i auge og nase. Svaneungane er jaga bort frå Tjødna etter at foreldra har vakta dei med hjarte og sjel heilt sidan dei kom ut av egga i fjor vår. Svanehoa ligg på reir att, denne gongen i ein annan del av vatnet enn der ho har pleidd å vera. Eg var nesten redd for at noko hadde skjedd med henne heilt til eg oppdaga henne på reiret i dag.
Nye problemstillingar dukkar opp. Kor nære kan ein gå dei ein går på tur saman med, og kor lang avstand bør ein ha når ein passerer nokon som kjem den andre vegen? Elles så har me allreie gått oss såpass til med dei nye leveforholda at me snart trur at dette er normalen. I dag var me i gang med fjernundervisninga igjen. Det fungerer vel betre enn nokon av oss hadde sett for oss at det skulle gjera. Syttande mai- toga er avlyste i fleire byar og kommunar og alle foreldremøta i vår er avlyste. Me håpar at til sommaren skal det bli mogleg å reisa på turar i alle fall innanlands. Me høyrer på nyheitssendingar frå andre land og prisar oss lukkelege for at det er her me bur. At me har trukke vinnarlodda, og er blitt fødde akkurat her. Det blir spennande å sjå, for sjeldan har me visst så lite om framtida som akkurat nå. Eg håpar det gjer noko positivt med både oss her i landet og i dei større samanhengane, kanskje me blir klokare og meir takknemlege. I aller beste fall blir me flinkare til å hjelpa kvarandre og flinkare til å dela. Det er så utruleg mykje me helst bør samarbeida om dersom jorda ska få den framtida som komande slekter skal vera med i.
Heidi
Kommenter innlegget