Gå til innhald

Det skulle ikkje forundra meg

april 14, 2020

EI VELLUKT FOR HERREN

Ei vellukt for Herren.
Kan det vera lukt av kaffi?
Av brød rett frå ovnen
og nybada barn?

Det skulle ikkje forundra meg.

***

Etter overveldande respons på teksten i går om å strikka bøner, så byr eg på eit kvardagsdikt i dag og. I det siste har eg ofte høyrt uttrykket «Få kvardagane våre tilbake» som eit uttrykk for det finaste som kan skje, og for draumen me ber på. Det er vakkert at det er slik. Det er min draum og, ein draum eg trur på at me skal få oppfyld. Nå skal me i mellomtida bruka desse rare dagane ingen hadde trudd heilt på at me skulle få på ein god måte.

«Mommor, tenk om ulven vil spisa dæg?» Gullungen brukar alt eg lærte om funksjonen av eventyr då eg studerte forteljarteknikk heilt etter læreboka. Som ein konsekvens av fascinasjonen for Rødhette og Bukkene Bruse, er ho for tida veldig oppteken av ulvar og troll og har vore det lenge. Eg lærte på studiet at sjølv små barn veit intuitivt at vonde og vanskelege ting finst, og i eventyra får dei knaggar dei kan henga slike kjensler på. Me las ein artikkel som heitte «Når dragen blir sosialklient» som tek eit oppgjer mot ein trend i tida som gjekk ut på at alle eigentleg er snille og at sjølv drakar blir snille viss nokon vil vera venn med dei. Artikkelforfattaren meinte det var eit slags svik mot barn at me ikkje lot drakane vera drakar slik at barna kunne henga frykten for det vonde på dei.

Veslejenta leikar med skrekkblanda fryd at ho høyrer trollet koma opp kjellartrappa og at me må skunda oss å stenga trappegrinda. Eg blir utkommandert til å vera med og bera bamsar og dokker ut i ein krok på kjøkkenet og så skal me setja oss ned på golvet eg og ho for å beskytta dei mot ulvar og troll. Ho ler høgt når eg hyttar med neven og ropar til ulven at han bare kan koma seg heim fordi me er to som passar på bamsane og dokkene og me har ikkje tenkt å gå i frå deg.

Barnet kryp nesten opp i fanget mitt og stiller spørsmålet med opprømt stemme. Det om at ulven kanskje vil eta meg sidan eg er mormor. Då svarer eg veldig skråsikkert at det ikkje kjem til å skje. Eg ville nemleg ikkje drøyma om å sleppa ulvar inn i huset mitt når eg ligg sjuk i senga, og dessutan er eg blitt superflink til å vaska hendene og ha handsprit i veska…
Ho slår seg til ro med svaret og ler høgt. Håret hennar luktar nyvaska og ho er lita, mjuk og blid.

Tilbake til teksten frå i går om å strikka bøner. Eg fekk mange nydelege tilbakemeldingar. Den aller finaste kom kanskje frå Grete Fiksdal som kunne fortelja meg at dette faktisk ikkje er eit så forsømt område i teologien som eg faktisk trudde då eg skreiv teksten i går. Det fortel meg det eg eigentleg visste frå før, at viss eg trur eg kanskje er det første mennesket som set ord på noko, så er det veldig lite sannsynleg at det viser seg å vera rett.

Eg har fått bilete og dokumentasjon på at temaet er behandla frå før, og har fått lov av Grete til å bruka det her på bloggen:

Så strikk frimodig i veg…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: