Gå til innhald

Let it be

april 17, 2020

Alltid noko

Svarttrastsongen,
løvetennene
nordavinden…
Alltid noko sterkt å lena seg mot.
*

Den første varme vårdagen. Det er som ei lette ligg over folk eg møter. Me gløymer nesten litt at me er i unntakstilstandar når sola varmar så godt. Etter veker med stormkast langs strendene, varta havet opp med det eg kallar blondekant i dag. To ting har eg alltid hatt lyst til å få til å fotografera: ei skikkeleg stormbølgje i det ho bryt og kastar ein kaskade av kvitt skum og salte dropar høgt opp i lufta, og den fantastiske blondekanten havet av og til lagar mot dei sandfarga strendene. I dag var eg i nærleiken av å klara det siste.

Desse vekene barnehagane har vore stengde har me vore med på eit lappeteppe av barnevakt slik at eldstedottera i størst mogleg grad kan skjøtta jobben med heimeundervisning. Fredag er frilansardagen min, så då har det vore mormordagen, og morfaren har litt føremiddagsfri eit par dagar i veka der det har blitt sykkelturar og grøt ved bordet i «mormor- og morfar- huset». Me veit at mange har tenkt det er litt uforsiktig å vera i lag med barnebarn i desse tidene, men på grunn av diverse omstende har det vore naturleg for oss å gjera det på denne måten. Me er takknemlege for at me har fått det til og for at me har fått vera med i kvardagane til barnebarnet.

I dag var det mormordagen, og etter at me hadde lese mange bøker og gøymt både oss og kosedyra bak senga i tilfelle ulven skulle koma, spurde eg om ho visste at ho skulle tilbake i barnehagen snart. Eg fekk då svaret «Nei, barnehagen æ stengde!» Då eg spurde korfor barnehagen var stengd svara ho litt oppgitt: «Dæ vett æg ikke!» Nå blir det barnehage att på måndag. Me får håpa at det blir bra.

Ein tur ut i sola vart det og. Eg vart imponert då ho peika på den indiske restauranten og sa «Den fantorangen der va æg å mommor å moffar å onkel Halvard å åd is.» Det gjorde me faktisk i februar for å feira dagen til morfaren hennar. Eg er ikkje så forundra over at ho hugsar hendinga, men over at ho kan peika ut lokalet. Det har med min eigen stedssans å gjera. Dei som kjenner meg veit kva eg meiner. Det er og herleg at ordet fantorang tydelegvis er meir kjend enn det det eigentleg heiter.

I det heile tatt er det fantstisk å oppleva på nært hald at eit lite menneske gradvis beherskar språket, og livet og, for den saka si skuld. Som den språknerden eg er, så fascinerest eg over både å observera utviklinga av ordforrådet og grammatikkbruken. Det er nesten så eg kunne ha lyst til å forska på det.

På tross av ein viss indre motstand som eg ikkje heilt klarer å setja ord på, skal eg lasta ned den nye smittespreiingsappen. Eg har bare ikkje fått gjort det endå. Det er noko Orwelsk ved heile situasjonen, noko eg aldri hadde trudd eg skulle få oppleva. Når det er sagt så har det bekymra meg usannsynleg lite å leggja att digitale spor både på facebook og andre stadar. Eg har sagt at eg har absolutt ingenting å skjula. Det held eg fast på, så kvifor eg steiler litt ved folkehelseinstituttet sine vennlege forsøk på å verna meg og andre mot smitte har eg i grunnen ikkje rasjonelle forklaringar på.

På same måten lurde eg på om eg høyrde på radioteateret første gongen eg tilfeldigvis høyrde ordet smittehotell på norsk radio. Eg såg for meg skrekkscenane der folk blir borne ut i ventande bilar i Kina fordi Koronapolitiet ringde på døra for å måla feberen og målingane viste forhøya kroppstemperatur. Eg såg for meg meldingar frå staten på sms: «Folkehelseinstituttet vil gjera deg merksam på at det er smitte i omgangskretsen, ein taxi som skal ta deg til smittehotellet ventar utanfor huset ditt.» Etterkvart forstod eg kva det dreia seg om, men synest framleis det av og til er ei surrealistisk øving å orientera seg i tida som omsluttar meg.

Heldigvis er det frivillig om ein vil få med seg alle nyheitssendingane gjennom dagen, dei som like godt kunne heitt «Koronanytt med litt attåt». Det er heldigvis så mykje anna med livet enn å fordjupa seg i helseangst og worst-case-tenkjing. Det siste er eg ganske flink til, det er prisen for å vera velsigna med ein velfungerande fantasi. Heldigvis har eg og evna til å le litt av både meg sjølv og situasjonen. Leika, le, gråta og kviskra halleluja… Det er då på ein eller annan måte essensen av nokre av dei viktige tinga i livet. Eg har ein barnsleg filosofi som eg vil setja lys på i diktet under. Ein skal ikkje forakta det som kan synast bagatellmessig, tåpeleg og lett… Det romar på ein merkeleg måte det viktige alvoret.

Let it be

Alt som er for lett,
for dumt og for tåpeleg
til å halda fast med tanke og hender
skal du ikkje forakta.

Pakk kvardagane dine inn
i blondegardiner
med kremdott og jordbær
og mangefarga sukkerstrø.
Let it be.

La det koma.
La det vera.
Ein draum du nesten klarer å halda fast,
ein lyseblå sommarkjole til tørk i vinden,
eit par kvite sandalar
og ein konkylie frå ein gong det var juni.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: