7.juli

Me vakna i dag og såg at vermeldinga ikkje var så verst. Så las eg kommentaren til Aud om Selja, og fekk endå meir lyst til å dra ut dit. Me bestemde oss for å kjøpa bilettane og eg fann fram langbukse og sokker for å vera kledd for ei litt kald uteoppleving. Då viste det seg at billettane ikkje var der lenger: Nokon hadde kome oss i forkjøpet og kjøpt dei.
Litt skuffa vart me vel, men det er jo slikt ein risikerer når ein ikkje får bestemt seg. Det positive var at nå kunne me ta oss litt betre tid både med frokosten på folkehøgskulen og med turen nedover langs vestlandskysten. Under frokosten bestemte me oss for å gjera noko anna me hadde hatt lyst til, besøkja Ivar Aasen- senteret på Ørsta. Sist me køyrde forbi skulle me i sølvbryllaup på Sunnmøre og hadde ikkje tid til stopp. Så då fekk det bli Aasen-senteret i dag og Selja i mente.
Eg må jo innrømma at det å kunna ta seg god tid med turen nedover var fint plaster på såret. Kvar gong eg kjører nedover Vestlandet blir eg heilt mållaust over kor vakkert det er her, og eg kjenner at eg er stolt av å vera vestlending.

Ivar Aasen- tunet ligg som etternamnet kanskje skulle indikere i ei åsside. For å koma opp dit gjekk me gjennom ei blomstereng med masse humler og sommarfuglar og med beitande geiter. Då Sverre Fehn teikna huset til det nye senteret som var ferdig i år 2000 hadde han presisert at det skulle vera geiter rundt huset, nesten som ein rekvisitt til den moderne bygningen.

Frå før av var det to hus på tomta som hadde vore museum, det hadde stått der heilt frå Ivar Aasen si levetid.
Det var eit fint museum og ein flink guide. Me fekk først sjå ein film i ein slags kinosal om Ivar Aasen sitt liv. Det gjekk for fullt opp for meg kva livsverk dette var. Han reiste rundt i nesten heile landet, til fots, i båt eller med hest og karjol for å samla inn dialektord, og systematisere dei i eit grammatisk system som han så brukte for å gje nordmennene eit skriftspråk som var deira eige. For eit pågangsmot han må ha hatt, og for ein spesiell person han må ha vore.
Eg kan ikkje påstå at eg har noko driv til å gå inn for dei same hobbyane som mannen eg er gift med. Nokon lidenskap for dans, brettseiling eller golf har eg aldri hatt og kjem heilt sikkert aldri til å få, men når det gjeld språk og litteratur er me like mykje nerdar begge to, og me gjekk med stor entusiasme inn for å få med mest mogleg av alt som kunne inspirera. Det var og utstilling der med utgangspunkt i Jon Fosse og Carl Frode Tiller. Dei hadde dessutan ein for meg uimotståelig kasse med kvalitetsbøker til 20 kroner stykket, så eg ende med å bera med meg to papirposar fulle av bøker som eg gleder meg til å lesa.
Av anna å ta med seg frå museumsbutikken kan eg nevna truser med logo på strikken. Ivar Aasen som var ein stor systematikar skreiv pakkeliste for turane. Det kan avslørast at han hadde med bare eit underbukseskift og mange vestar, men det var jo ei anna tid. Ein kunne og kjøpa seg kunstferdig filta Ivar Aasen- tøflar. Han har ofte varme tøflar på føtene på bilete. Det trong han nok, for han budde på små og iskalde hybler og unna seg aldri noko meir standsmessig. Guiden meinte at han hadde skostorleik 46, ikkje lite for ein mann som var omtrent like høg som meg.

Me unna oss litt lunsj medan me var der. Over ser du ein sommartallerken med gode ostar, heimelaga spekepølse og spekeskinke med flatbrød og diverse tilbehøyr. Det smakte kjempegodt og er den klart beste maten me har ete på turen med unntak av Arild sin kokekunst på lørdagskvelden.

Turen vidare gjennom Sunnmøre, Norfjord og Sunnfjord var ei synsoppleving. Eg hadde lyst til å gå ut kvar hundrande meter for å fotografera, ta vare på og senda vidare synsinntrykk til folk eg kjenner. Bilen snodde seg langs vegar som delvis gjekk heilt nede ved fjorden og delvis litt lenger opp i fjellsida i tillegg til ferger og tunnellar. Eg forstår at både tyskarar, japanarar og alle andre turistar let seg blenda av synet. På veg sørover hadde me lyst til å ta kontakt med både den eine og den andre me kunne hatt lyst til å treffa og slå av ein prat med. Det vart til at me brukte tida på vegen. Slike gonger blir eg litt sjenert for bare å koma ramlamde spontant utan å ha avtalt dagen før, og nå i koronatida er det litt ekstra vanskeleg å ta spontant kontakt med nokon.
Me har hatt ei kjekk og innhaldsrik veke som har gått alt for fort. I morgon skal me nyta siste etappe med vestland før me skal innom Jæren for mellom anna å klappa katten, møta barnebarnet, vatna tomatane og vaska litt klede før me kjører austover på fredag. I kveld havna me i Førde utan at me kjem til å gjera så mykje meir ut av det enn å vera hotellgjester.
Heidi