Gå til innhald

8.juli

juli 8, 2020

Over eit fjell,
gjennom ein tunnel
Over ei bru,
ja der bur du
Håper du veit kor heldig du e
Du bur på Vestlandet
***

Med ein tekst av Anna og Vilde henta frå Junior Grand Prix avsluttar eg vestlandsturné delen av sommarferien. Alt i teksten stemmer, dei har bare gløymt å fortelja om…

Alle fergene… Dei er og ein sjarmerande del av det å ferdast på vestlandet dersom ein unngår lange fergekøar, og det har me gjort. Som eit smittevernstiltak er det ikkje billettsal på fergene for tida. I staden scannar dei bilskilt og bombrikker. Det vil seia at ein kan fylla opp bilen så mykje ein vil med folk og betala det same.

Det rare er kor fort ting blir ein vane. Smittevern er noko me nesten ikkje tenkjer over lenger. Det er blitt sjølvsagt med handspritdispenserar over alt og på hotellfrokostar er det normale for tida at ein får ein ferdig tallerken med brød og pålegg med gladpack over og at ein kan bestilla varm mat i tillegg. Som regel kan ein henta sin eigen kaffi etter å ha sprita hendene. Det har ført til at me har smugla med oss ut nistepakkar frå dei meste frokostane for dei har berekna så rikelege porsjonar at me aldri et opp. At maten skulle kastast ville jo vera heilt meiningslaust.

I dag har me køyrd gjennom eit landskap som meir og meir har blitt vår eigen vande natur, våre eigne åsar og fjell og våre eigne flate marker og sandstrender. Utan heilt å villa det har me blitt flytta frå eventyret til normaliteten, men me har vore borte mange nok dagar til at me ser at vår eigen plass på jorda er ein velsigna vakker plass den og, og at huset vårt er stort og romsleg og ganske vennleg.

Me har hatt ein fin dag i bilen med lydbok av Carl Frode Tiller, Innsirkling, inspirert av utstillinga på Ivar Aasen-senteret i går. Strikketøy for min del og kaffikopp mellom oss. Det pøsregna første del av dagen over Sunnfjord og tidlegare nord-Hordaland, så det var ein perfekt dag for å vera inne i bilen. Det var litt trist å passera Bergen utan å ta oss tid til å stoppa, men me hadde ein aldri så liten agenda om å få sagt hei til barnebarnet viss me nådde heim før leggetid, og det nådde me akkurat.

Nå har me varma oss vår eigen middag av ting me fann i frysar og kjøleskap, og vaskemaskinen er på sin andre runde. Katten var meir interessert i kos enn i mat, så kattepassaren har gjort ein god jobb. Det er litt merkeleg å bare vera på mellomlanding i «livet sitt» før me køyrer vidare fredag morgon.

Grunnen til at me la turen om heimen på vår ferd frå aust til vest skuldast mest av alt at då kan eg vera med på gravferda til ei flott dame eg har kjend nesten heile livet. Maren Nødland, mor til Torhild døydde før me reiste, og sidan det let seg gjera hadde me lyst til å vera med og ta farvel. Det er ei slik gravferd som ikkje bare er trist, ho hadde nådd ein høg alder og kjende seg klar til å reisa. Som offiser i frelsesarmeen var ho sikker på at nå skulle ho vidare til noko betre. Heldige er dei som kan døy med den innstillinga og med ei roleg kjensle av fred.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: