Gå til innhald

22.august

august 22, 2020

Med august kom sommaren tilbake. Vekene før skulen starta og den første veka med skule kom med varm sol, høge temperaturar og blå himmel. Det gjorde ubeskriveleg godt.

Nå er kvardagane tilbake, eller i alle fall nesten tilbake. Skuledagane med smittevern og kohorter begynner å bli ein vane, samtidig så blir me nokså bevisste på at me har ein rimeleg utsett arbeidsplass i forhold til dei mange som har heimekontor eller arbeidsplass der det alltid er ein meter til ein kvar annan person. Det siste let seg på ingen måte gjera når ein jobbar med relativt små barn. I kvardagen går me ikkje rundt å tenkjer på det, det kan me ikkje, men det er litt spesielt at av mine tre «lærarbarn» så har to av dei opplevd nedstengning av kohortar på grunn av smitta elevar på skulen der dei jobbar. Det betryggande er jo at dei begge stadane har klart å slå smittesituasjonen raskt og effektivt og utan stor dramatikk.

Framleis kjendest det som ei lett sorg at alle elevane eg hadde jobba med så lenge skulle på ein ny skule heilt utanfor, eh… i alle fall fleire hundre meter frå min eigen kvardag. Så trakk eg pusten djupt og gjekk inn i neste kapittel klar for å bli glad i , engasjert i og opptatt av nye små menneske. Den første veka på jobb har vore spennande og fin. Eg trur dette skal bli veldig bra. Å begynna eit nytt skuleår, spesielt når ein jobbar i både skule og kulturskule er ei intens oppleving etter veker med låg kvilepuls. Den første veka har ein nesten ikkje tid til å trekkja pusten, så er ein i gang. Eg held på at eg har den beste jobben i heile verda.

Framleis er det sommar i ei drøy veke i følgje det som står i lærebøkene til elevane, at det er sommar i juni, juli og august, og så blir det etterkvart haust. Hausten er og ei fin tid. Vemodet ligg i at sommaren er over. Nå melder dei akkurat på radioen at det er meld om dobbelt så mange koronasmitta i går som dagen før, og at politiet i mange byar har hatt jobb med å prøva å roa ned private festar… Eg håpar me klarer å vera kloke nok til å gjera alt me kan for å halda smittenivået nede.

Meir enn noko er desse dagane fulle av ei nervøs venteglede me går her og ventar på ei lita augustsyster, eller kanskje det blir ei septembersyster til ho som snart skal fylla tre år. Eg går ingen plass utan mobil. Alltid beredt.
Eg sender ei bøn for ho som skal fødast og for dei eg kjenner som er i djup sorg akkurat nå. Livet er intenst og mangfaldig.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: