Augustsyster

Det vart ei augustsyster. Den vesle som skulle koma valde seg august, og det held eg med henne i. Denne mjuke mogne månaden då heile naturen er på sitt mest fullkomne før han bikkar over i ei ny årstid er noko av det aller vakreste eg veit.
Me venta i spenning på ho som snart skulle vera her. Ingenting er sjølvsagt når det gjeld det å koma gjennom porten til livet, så eg må innrømma at eg gjekk litt på tå hev med mobilen veldig tilgjengeleg i fleire veker. Hadde eg hatt til vane å bita negler så hadde eg sikkert gjort det flittig akkurat då. På inn og utpust var bøner til Gud og alle gode krefter om at dette skulle gå bra. I si tid syntes eg mor stressa litt vel mykje i tida før fødslane mine, nå måtte eg innrømma til henne om at eg forstod det veldig godt. Det å vita at dotter di snart skal gjennom ein fødsel har eg opplevd meir nervepirrande enn då eg skulle føda mine eigne barn. Då hadde eg i det minste kontroll på det som skjedde.
Det var for lengst avklart med storesyster at når babyen skulle koma ut skulle ho bu hos mormor og morfar i nokre dagar og netter. Heldigvis er ho veldig van med å vera her, så det gjekk heilt smertefritt. Etterkvart fekk ho snakka med foreldra på facetime og klemma både foreldra og «lillesøster» på skjermen.
Så fekk me prøva småbarnsforeldrelivet litt igjen med levering i barnehage før jobben og balansering av aktiviteter og jobb med det å ha ei lita jente i heimen. Det gjekk kjempefint, men eg tok meg i å lura på korleis me fekk til denne kabalen då me hadde fire relativt små barn som skulle i veg om morgonen og i seng om kvelden. Når eg tenkjer tilbake på det så hugsar eg ikkje at me opplevde det som uoverkomeleg travelt. Tvert i mot så står det for meg som ei fantastisk fin tid. Kanskje me gløymer etterkvart…

På loftet fann eg nokre små babyfigurar. Ein av dei hadde «tutti» i munnen og fekk duga som den nye babysystera i duplobyen vår. Her får hovudpersonen i byen treffa den nye babyen saman med mamma som er komen tilbake frå sjukehuset.

Og så kom dei heim med den vesle nye, og mormor måtte sykla så fort ho kunne til blomsterbutikken for å kjøpa ein skikkeleg velkomstbukett. Der var ho, det vesle koronabarnet vårt, fullkomen, vakker og heilt uimotståeleg. Ho hadde fått eit namn eg ikkje fekk vita før etter at ho var fødd. Eit namn eg aldri hadde høyrt nokon ha før, og som eg er overbevist om kjem til å bli eit av dei to finaste namna eg veit.
Det å venta eit «koronabarn» er på mange måtar ekstra utfordrande. Spøkelse som smittetoppar og koronasmitte ligg og lurer i bakhovudet. Vanlegvis slepp ein å lura på om ein kan bli nøydd til å føda utan partneren til stades, og vanlegvis slepp ein å vera hysterisk redd for at denne personen skal bli litt forkjøla og dermed utestengd frå fødestova. Det at alt vart som ein kunne håpa, blir ei ekstra glede.
Og kva ei mormor vil når det finst eit nyfødd barnebarn? Eg kan bare svara for meg sjølv, men denne mormora vil helst sitja døgnet rundt med eit dette barnebarnet i armane og bare kjenna varmen frå den vesle mjuke kroppen, bare studera ansiktstrekka og høyra pusten. Eit sovande spedbarn må vera det mest nedstressende ein kan vera i nærleiken av.
Velkomen til livet, vesle augustjente. Eg gler meg så villt mykje til å fylgja deg i åra som kjem.
Heidi