Gå til innhald

Allkjærleiken

august 4, 2020

For å ikkje blanda trådane alt for mykje, så skriv eg eit innlegg nummer to i dag. I tankane mine ligg det tusen tråder i eit salig eller usalig rot. Der inne fungerer det utmerka, men det er ikkje alltid det blir slik når tankane skal hentast ned til skrivne ord.

Eg hadde lyst til å skriva litt meir om Martin Lönnebo og det han truleg kallar «allkärleken» på svensk. I mi norske omsette bok heiter det allkjærligheten, så det får det bli når eg siterer han. I det uttrykket legg han «agape», den reine kjærleiken som famnar alt og alle, og som me som menneske bare fattar glimtvis, men som me likevel prøver å halda oss fast i.
Eg vil sitera noko av det som er teksten hans for denne veka, fordi eg synest det er så fint. Det vil sjølvsagt vera litt «ute av kontekst» sidan eg hentar det frå ein større forståingsheilskap som han har bygd opp gjennom tekstane i boka Veven. Kanskje det likevel er ord som kan vera gode å lesa på denne lausrivne måten for ein eller annan som treng slike ord akkurat nå?

» Allkjærligheten fostrer ikke feiginger, men det virkelige livets helter. Den godtar deg som løper med slektens budstikke. Den som har budskapet: «Du duger. Du er ønsket, Bli med.»

For verden tørster etter kjærlighet, glede og visdom. Er skrittene dine trette? Vel da, kan du gå sammen med dem som er svake og trette, dem som behøver det stille og ydmyke nærværet ditt mest.

Har du vanskelig for å tale? Da kan du trøste dem som er skadet av de harde og uthult av de tomme ordene.

Har du ikke ord? Da kan hendene dine tale. Er hendene dine kraftløse? Du kan utrette storverk i det lille. Ingen går for sakte eller har for skjelvende hender til at de kan bære min budstikke. Og om du ikke kan tro, kan du gi tomrommet til allkjærligheten, for der vil den bo.»
(Martin Lönnebo, Veven»

Så vakkert, enkelt og djupt.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: