Gå til innhald

Det sterke levande livet

september 11, 2020

Sundag var ein dag for glede. Endeleg skulle oldemor og oldefar på Ålgård få helsa på den vesle nyfødde. Rett nok på ein meters avstand, men det «alligavel». Tante Biit skulle og få koma. Me dekte bord med markblomar, rosa lys og med markblomserviettar. Storesyster fekk setja kransekakeflagg på ei nybakt gjærkringle som strutta av vaniljefyll. Det var dagen for å ikkje spara på effektane.

Måndag kveld då me skulle til å sovna oppdaga Leif at det var kome ei melding frå skulen han jobba på om at ein person tilknytta skulen var smitta av korona. Det gjekk fram av meldinga at det ikkje var på eit trinn han hadde undervist på, men ikkje så mykje meir.

Slikt gjer inntrykk på sånne som meg som er litt disponerte for hypokondri. Eg såg for meg at me hadde fått smitte i heimen, og at me sikkert hadde vidareført det til dei eldste og yngste i familien. Eg såg for meg huset vårt som eit episenter for eit stort utbrot på Bryne. Visst kunne eg ha rukke å smitta barn og vaksne på sundagsskulen i Brynekyrkja og, for etter lang koronapause hadde me kome i gang denne dagen. Me hadde vore rause med handsprit og hatt avstandstiltak, men kven kunne vita sikkert…


I utgangspunktet er eg meir redd for å smitta andre enn å bli sjuk sjølv, men når tankane får spinna dukkar mangt opp. Kanskje eg har ei handfull underliggjande sjukdomar eg ikkje veit om… Respiratorbehandling høyrest ikkje ut som noko ein bør ha spesielt lyst til å prøva ut. Neste morgon lurte eg på om eg kanskje hadde litt vondt i halsen når eg kjende etter. Var det forsvarleg å gå på jobb?

Når eg skriv dette, så er det litt for å le av meg sjølv, men og å prøva å setja ord på kjensler eg innbiller meg at fleire enn eg har kjend på. Me lever plutseleg med ein sårbarheit me ikkje visste om fantest for eit år sidan. Av og til er det så slitsamt å forhalda seg til det heile tida. Eg forstår at mange ungdomar kan bli så trøytte av maset at dei tek friminutt og går på fest. Samtidig må me prøva å halda pågangsmotet oppe.

Og ting kan fort gå godt. Med dagslyset så minka trolla inn til akseptabel storleik. Nå etter fem dagar er det ikkje spora meir smitte, og skulen er i ferd med å normalisera seg. Eg sender varme tankar til ho som er sjuk. Eg håpar ho blir fort frisk igjen. Eg forstår det dei skriv om smitteskam. Har eg ikke sett meg sjølv med avisoverskrifter av typen: «Gjekk smitta på jobb og smitta 70 elevar og familiane deira.» I ingressen kunne det stå: «Trudde det var trygt å senda barna på sundagskule,» eller kanskje: «Kolleger stussa på at ho ofte stod nærare enn ein meter i samtalar og at ho ved fleire høve gløymde å vaska bordet i personalromet etter at ho hadde sett matboksen sin der». Som Bent Høye påpeikte i pressekonferansen i går: Få kan slå seg for brystet og seia at dei aldri har brote eit einaste smittevernstiltak.

I går oppdaga eg at ei jente i tredjeklasse sat og teikna ei dame med munnbind. Eg fekk lov til å bruka biletet her. Heldigvis tek ungane ting som dei er, dei fleste utan å grubla veldig over smittesituasjonen. Det er me vaksne, som som dei einaste generasjonane i historien har vakse opp med ein illusjon om at smittsame sjukdomar aldri kan ramma oss på dødelege måtar.

I tidlegare generasjonar visste ein at det meste kunne henda. Ein barnefødsel kunne føra til dødsfall, ein epidimi kunne ta med seg heile og halve barneflokkar, og ei forkjøling kunne føra til lungebetennelse og død.

Og visst har me det framleis uforskamma skjerma og godt her me bur. Me høyrer om Morialeiren og skyv det grusomme frå oss fordi me ikkje orkar å tenkja på det. Me innser i glimt at me er eit folkeferd som har vent oss til at me kan leva på å eta kakepynt viss det er det me har lyst på, og at me har rett til det meste av goder som lange flyturar, fulle klesskap og god helse.

For meg er livet for det meste godt i september. Eg oppdagar at eg hadde gløymt kor godt eg liker å jobba med barn i småskulen. I vår var det ei stor glede å få lov å vera i sjuande og vera i lag med menneske på veg inn i tenåra, nå er det ei like stor glede å bli kjend med små menneske i åtte-årsalderen. Eg har allerede begynt å gleda meg stort over at eg skal få lov til å fylgja dei på ubestemt tid og oppleva mykje i lag med dei.

Sjuandeklassingane våre er blitt åttandeklassingar. Eg treff opptil fleire av dei kvar dag og eg blir varm og glad når dei seier at dei har det godt på ungdomsskulen sjølv om dei saknar oss litt.

Nå har eg skrivedag, det store privilegiet i ei veke som er ganske framtung fordi måndag er ein lang skuledag og tysdagen går i eitt med skule og kulturskule heilt til eg går heim tidlegast i åttetida om kvelden.
På skrivedagar er det lov å sjonglera med si eiga arbeidstid. Snart skal eg få besøk av eit veldig lite menneske som kjem i lag med mor si. Eg gleder meg og har sommarfuglar i magen sjølv om eg hadde heile familien deira pluss onkel Odd Christian og tante Sonja her på middag i går ettermiddag. Nyfødttida har alltid vore eit stort mysterium for meg, og det har vore dei stotehøgdepunkta i livet mitt å få lov til å fylgja små menneske gjennom den første barndommen. Seinare blir det like fint, men litt meir jordnært.

Og så skal eg syngja for den vesle augustjenta den same kveldsbøna som eg har sunge for storesyster og onklar og tantar av henne.

La ingen krig og sult og sott
få gjøre oss fortred,
la alle leve trygt og godt
i frihet og i fred.

Og nå ligg det ei meining i dette verset som ikkje var der på same måten før. Måtte me koma oss gjennom koronaepidimien utan varige skader og sår på sjela, og måtte den snart vera over. Det finaste med Torbjørn Egner si barnebøn er at ho ikkje bare inkluderer mette norske barn:

Jeg folder mine hender små
i takk og bønn til deg,
la alle barn i verden
få det like godt som jeg.

Vern alle med din sterke hånd,
mot fattigdom og død,
og hjelp små barn i alle land
så ingen lider nød.
Amen

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: