Gå til innhald

Så skriv me alt oktober

oktober 3, 2020

Nå skriv me alt oktober, og livet er sterkt, levande og intenst. I dag smilte dotterdotter mi det første heilt utvetydige smilet sitt etter å ha kome med Mona Lisa- aktige underfundige halvsmil i over ei veke. Det kjennest som det aller finaste ein kan starta ein haustferie med.

Pilegrimen min er kome heim med tung ryggsekk og godt mot etter å ha gått pilgrimsleden frå Oslo til Lillehammer. Han melder at dette var fint og at han gleder seg til neste etappe ein gong i framtida.

Haustferien er her, det er så fint å tenkja på at nå kjem det ei veke med romslege dagar med god plass til det meste. Eg gler meg til å skriva, og dersom alt blir som eg håpar blir det meir påfyll på bloggen. Det å starta opp med tredjeklassingar har vore fint, intenst og nesten altoppslukande. Det siste ordet er positivt meint. Det å vera intenst oppteken av jobben sin og oppleva det meiningsfylt og godt å vera der i lag med elevane er eit stort privilegium. Eg synest og det er eit stort privilegium at eg kan gleda meg over at eg i beste fall har mange år igjen i skulen i staden for det å driva mental nedteljing til pensjonsalderen, som eg opplever at nokre av mine jamnaldrande har begynt å gjera. Eg blir like overraska kvar gong nokon spør meg om noko som er pensjonsrelatert. Kva har det med meg å gjera, liksom… Slikt kan sikkert endra seg fort, så eg nyt stoda som ho er enn så lenge.

Og enn så lenge er barneteikningar noko av det finaste eg veit. Eg snik meg på tå inn på formingsavdelinga for å forsyna elevane mine med litt fleire tjukke gode teikneark enn det som kanskje er meininga. Eg masar meg til å få påfyll der når det trengst. Eit av mine få opprørske trekk er at det byr meg i mot å tilby barn kopipapir når dei skal teikna og mala. Med dette har eg altså innrømt det overfor alle som måtte ha lese så langt som til hit. Nokre spor har det sett å ha teke eit år på formingslærarskulen i Notodden i si tid…

Og desse rare pandemitidene rullar vidare. Midt i det som for utanforståande kan virka som ein parodi på ein valkamp blir president Trump lagt på sjukehus med covid 19 smitte, og fleire av hans nære medarbeidarar er og smitta.

Sjølv fekk eg og ein smakebit på personleg pandemiangst for 14 dagar sidan. Etter å ha høyrt om læraren som ikkje kjende kaffilukt og deretter testa positivt, fekk eg det for meg at eg heller ikkje kjende lukt av kaffikoppen min. Rett nok kjende eg sterk lukt av kaffiboksen og av handsprit og vaskepulver og peanøttsmør og det andre eg straks begynte å lukta på. Det siste var eg spesielt takknemleg for, sidan eg har høyrt at det å ikkje kunna lukta peanøttsmør var eit tidleg teikn på demens…

Eg hadde tannlegetime dagen etter og ringde for å høyra om dei ville ha pasientar i stolen som ikkje kjende lukt av kaffi, det ville dei ikkje. Så ringde eg legevakta for å høyra om dette var eit symptom eg burde ta på alvor, og det syntest dei…

Så bar det til teltet for å bli testa av folk i romdrakt som advarte fleire gonger om at det kom til å vera litt ubehageleg. Det trudde eg på. Heilt sidan eg høyrde om testmetodane har eg håpa at dette var noko eg skulle sleppa innom. Eg såg for meg ein flaskebørste 20 cm ned i halsen og langt inn i biholene via nasen. Dessutan ringer det alltid ei ganske kraftig bjelle i øyrene mine når nokon i helsevesenet eller tannhelsetenesten bruker orda «litt ubehageleg». Som så ofte så var ikkje verkelegheita i nærleiken av mine fantasiar. Det var fort gjort og langt mindre ubehageleg enn eg hadde forestilt meg. Dette håpar eg er til trøyst for andre testvegrarar.

I fantasien såg eg for meg skulestenging, smitting av elevar med helseutfordringar samt spedbarn og spedbarnet sine oldeforeldre. Eg trøysta meg likevel med at nettopp på grunn av den nyfødde hadde eg vore ekstra ekstra forsiktig. Eg hadde møtt få andre bortsett frå kolleger og litt over seksti elevar, og ikkje vore utanfor kommunegrensene den siste veka.

Heldigvis, etter eit døgn fekk eg beskjed om at testen var negativ, og så kunne sykla rett til den indiske restauranten for å eta lunsj med gode venninner. Og slik går dei, desse rare haustvekene i det ein kanskje litt optimistisk kan håpa er den siste koronahausten i vårt hjørne av verda.

Det å kunna starta dagen på annan måte enn å vakla opp etter å bli vekt av morgonalarmen er det finaste med helger og feriar. I dag starta eg dagen på ein fantastisk måte med boka «Liljevilje» av Helge Torvund. Eg las faktisk boka frå perm til perm bare fordi det var så fint og fordi eg hadde tid. Det er ikkje min vanlege måte å lesa dikt på, så det betyr at boka er til å anbefala. Eg les dikta hans med stor grad av gjenkjenning, mellom anna fordi me lever i omtrent det same landskapet og omtrent den same kulturen. Dikta opnar seg som landskap eg kjenner, men som eg plutseleg ser i eit ekstra fint lys. Etter så sterke ord kjenner eg at det er på plass med ein smakebit. God oktoberhelg og god haustferie til dei som måtte vera like heldige som meg og ha ferie akkurat nå.

DÅ DU RUNDA SVINGEN

Det var den same verda
som møtte deg då du var barn:
Angen av jord, strå av gras, og lyset over steinane.

Og likevel- du er ein annan, er du ikkje?
Alle du møtte, alt du gjennomlevde-
Det må jo ha hatt noko å seia?

Ein dag var ho svanger, ein dag var de
på ei båtreise, ein dag åt de kreps
ved eit fjell med mose og lyng.

Barna sprang bortover grusvegen
og kvarv bak ein sving.
Då du runda svingen, var dei vaksne.

Alle bøkene, kunnskapen du tileigna deg.
Morgonen gryr og verkar totalt uinteressert i kva du veit.
Angen av liljer smiler.
Helge Torvund

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: