I dag er det 26 år sidan

I dag er det 26 år sidan siste gongen eg fødde eit barn. Som syskena sine så vart han løfta ut i lyset gjennom eit kirurgisk hol i magen min, og som dei tre andre gongene var eg vaken og kunne både sjå og høyra og kjenna lukta av eit nyfødd barn som vart lagt på brystet mitt på mi side av bøylen med det grøne kirurgiske kledet over.
«Du har fått ein gut», sa operasjonslegen. «Nei, det er ei jente,» sa eg. Det hadde dei sagt på ultralyden så det var eg heilt sikker på. «Då har eg lært noko gale på skulen,» sa legen og haldt opp for meg det eg måtte innrømma såg veldig ut som ein raud, rund og skrikande liten gut.
Så vart det Halvard og ikkje Anna Sofie som kom til oss den 5.oktober 1994. Ikkje hadde me klart eit rosa barnerom med blondekjoler på små kleshengarar, og me hadde både jenter og ein gut frå før. Det var faktisk heilt i orden at minstebarnet var ein gut og ikkje den jenta me venta på. Eg kjende rein og boblande glede over å ha født nok eit levande barn til verda og bestemte meg for å prøva å framstå som så frisk og vaken på observajonsposten etter keisarsnittet at eg kunne rekka å koma på avdelinga før visittida og få vist han fram til syskena og til foreldra mine. Barnefaren hadde jo vore med på keisarsnittet så han var allereie presentert for det vesle vesenet.
Ein del av planen for å virka sprek gjekk ut på at eg bad om å få ei bok eg hadde med meg i ein plastpose. Eg meiner å minnast at det var biografien «Historien om Edvard Grieg» av Ketil Bjørnstad. Eg fekk boka og prøvde å sjå ekstremt frisk og pigg ut medan eg gjorde eit forsøk på å hypnotisera blodtrykket til å vera stabilt og overbevisande. Ein sjukepleiar sa noko om at det ikkje var så ofte folk tok opp tjukke bøker på den avdelinga.
Planen lukkast. I siste liten fekk eg plass på eit tomannsrom og kunne stolt ta i mot besteforeldre pluss tre elleville ungar, kor av dei to minste ville rett opp i senga til mor og lillebror. I nabosenga var det og mange sysken med beundrande blikk på plass rundt senga. Eg spurde om dei og hadde fått nummer fire. Dei kunne fortelja at dei hadde fått nummer fem, men at eit av barna var på speidartur denne dagen.
Som eg koste meg med denne siste babyen. Dei meinte på sjukehuset at fire keisarsnitt på ei mor var nok. Eg innsåg kor heldig eg var som hadde fått fire barn, og var sær nok til å sørgja over at det ikkje kom til å bli eit femte og eit sjette barn som eg var heilt sikker på at eg ville hatt viss eg kunne bestemma slikt heilt sjølv. Det var intense dagar med ei storesyster som bare var litt over året, men det betydde at eg fekk oppleva draumen om å køyra rundt med tvillingvogn…
Dette kom eg til å tenkja på i dag, og eg innser at eg kanskje har noko til felles med Donald Trump, eg har bare ikkje forstått det før nå. Begge er villige til å gjera alt me kan for å framstå som friske og sterke… Kanskje eg hadde vore typen som kunne skrika meg til å bli køyrd ut til fansen i Covidsmitta tilstand? Det håpar eg for så vidt at eg ikkje treng å finna ut…
Inspirert av Biden sin replikk i presidentkanditat debatten tenkjer eg ein tanke eg ofte har tenkt før: «Eg lure på om det e klovnar me e, til allmenn lått og løye…»
I denne nesten litt burleske verda me for tida har tilhald i, sit eg og har haustferie. Foreløpig har eg brukt mykje tid på dei to som er det absolutt næraste eg har vore det å ha eigne barn. Eg er mormor så intenst og ofte eg får lov. Natt til sundag hadde me overnattingsbesøk av ei lita jente som stolt hadde med seg ein pose lørdagsgodt som ho åt med klissete små fingrar, eller rettare sagt sugde på og la ned at i posen. Det å vera stor nok til å få lørdagsgodt var nok endå meir stas enn sjølve godteriet. Heime har ho fått «storjenteseng» og sprinkelsenga har gått vidare til neste mann. Då ho skulle leggja seg i si seng her kom det forferda «Men mormor, eg kjem jo ikkje ut av den senga». Eg lova å henta henne så snart ho ropte. Klokka kvart over tre om natta måtte eg innfri løftet, og så delte me seng fram til ein veldig tidleg morgon.
I dag har eg vore i lag med veslesyster hennar, og etter stell og kos trilla me lang tur med barnevogn i det fine haustveret. Etter at ho framviste smilekunsten for veldig kort sidan har eg ikkje gjort anna enn å prøva å provosera fram smil når eg har henne i armane. Dei første babysmila går nemleg som varme sjokkbølgjer gjennom heile nervesystemet og støttar håpet til alt som er godt i verda. Eg er rett og slett heilfrelst på babysmil. Eg held henne tett inntil meg og syng «Vinden rider høyt på sky, over hav og land og by, stormen raser tung og hvit, sorg og død kom ikke hit.» Og så syng eg som prosten vår når han tek dåpsbarna i armane og syng ei velsigning.
«Herren signe deg, Herren vare deg, Herren gje deg fred, Herren gje deg fred».

Så har eg rukke å lese ei bok i dag og: «Gul bok» av Zeshan Shakar. I fjor haust las eg «Tante Ulrikkes vei» av den same forfattaren med stor glede. Eg kan anbefala andreboka. Ho er underhaldande, lettlesen og tankevekkjande. Eg har og med stor interesse høyrd på verdibørsen med stor interesse eit intervju med Åste Dokka rundt boka hennar «Leve vanskeligere». Det er ei bok om å vera menneske med ei litt anna vinkling enn alle sjølvhjelpsbøker. Eg trur den boka må stå høgt oppe på leselista mi.
Og dersom nokon lurde på korleis det går med alle flinke planar om å rydda i skap og hyller og om å skriva mykje? Haustferien er framleis lang…
Snart skal eg på ein velsigna samtalekveld med ein gjeng usedvanleg flotte og kloke damer, først skal eg bare prikka ned nokre tankar eg har gjort meg i dag som eg trur kan bli til eit dikt.
Dersom eg trudde at Halvard kom til å lesa dette kunne eg gratulert med dagen. Det har i staden gjort på sms sidan han er langt borte. Dersom alt går bra møter eg han på laurdag. Då er me inviterte til BIFF Bergen internasjonale filmfestival der me skal sjå premieren på den siste kortfilmen hans. Det blir spennande. Eg har ikkje sett filmen, og eg reknar med at eg ville ha brukt litt andre verkemiddel enn han. Likevel er eg heilt med på saka. Filmen Narsissus handlar om eit menneske som føler seg isolert i ein digital verden der ingen lenger bryr seg om andre enn seg sjølv. Løysinga i den store einsemda blir å bestilla ei klone av seg sjølv. Son min har presisert at denne filmen ikkje har foreldre eller folk på min alder som målgruppe… Likevel gler eg meg over at han har fått til noko han har jobba hardt for å laga. Og eg gler meg til å sjå både han og filmen. Nå får «lette forkjølingssymptom» osv bare halda seg unna oss alle.
Heidi