Gå til innhald

15.november

november 15, 2020

Så slapp me unna med skrekken når det gjaldt koronadiagnosane sist helg. Det og meldingane frå styresmaktene dei siste ti dagane har gjort at me nesten har krope inn i nedstengning igjen. Me har i alle fall avlyst det meste me hadde av avtalar utanom jobb og kryssar fingrane for at det kan bli ei nokonlunde normal julefering med heimkomande vaksne barn og samver med familien. Dåpen neste helg, som me trudde skulle bli ei stor markering har gått til å bli ei bittelita markering, men dåp av veslejenta skal det bli, og me trur det skal bli fint. I går broderte eg namn og datoar på dåpskjolen, så nå er han klar til å bli brukt for andre gong.

Sist helg fekk me ein fin sundag med tur langs stranda. I dag har me og vore ute ein liten tur før regnet og vinden innhenta oss for alvor. Mørket kryp rundt oss på førjulsvis. Eg har alltid synest at dei mørke førsjulskveldane er koselege med tende stearinlys, handarbeid, besøk og gode bøker.

Akkurat nå har me rett og slett middagsgjester så nå blir eg ropt på. Eg skriv meir om ikkje så lenge, håpar eg. God «mørketid» til alle. Me håpar på lysare koronatider.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: