Luke 12 -2020

I dag reiste me til Sandnes for å gå på utstilling og for å julehandla litt. I Langgata var det koseleg laga til for barn med nissar som gjekk i gata og moglegheit for å kjøra med hest og kjerre. Dombjellene ringla og kusken vinka og ropte «Hei, Heidi!» Eg måtte verkeleg tenkja etter kven det var, og neste gong dei passerte meg ropte han «Kjenne du mæg igjen?» Eg svarte som sant var at eg hadde måtta tenkja hardt, men eg trudde kanskje at eg gjorde det. Eg er framleis ikkje hundre prosent sikker, så viss nokon veit kven det er så vil eg gjerne vita om eg tenkte rett…
Utstillinga på Kino -kino var det Leif som hadde lese om. Den bergenske fotografen Helge Skodvin hadde samarbeida med forfattaren Frode Grytten om å laga utstillinga «Deilig er jorden». Det var eit humoristisk skråblikk på julefeiring med fotografi som viste korleis me ikkje alltid lukkast heilt når me prøver å laga litt julestemning, og tekstane fortalde den same historien på sin måte. Her er litt av utstillinga:

Foto: Helge Skodvin
Foto: Helge Skodvin
Det er då gjenkjenneleg. Det trur eg dette diktet av Frode Grytten og kan vera:

Tekst Frode Grytten
Då eg gav ut mi første diktsamling hadde eg eit dikt som heitte adventbrev til Jesus. Eg trur det begynte slik omtrent: «Så fekk me deg på plass i plastkrubba i år og…» Den gongen var eg sånn litt sint ung dame som meinte at marknadskreftene og plasten øydela for det som var ekte og vakkert i jula. Eg er blitt mildare med åra. Nå tenkjer eg at dei aller fleste av oss gjer så godt me kan i våre litt hjelpelause forsøk på å finna at draumen om jula, og skapa noko fint og ekte ut av denne mørkaste årstida. Eg har og stige ned frå den høge hesten der eg kanskje meinte at mine intensjonar var meir ekte enn mange andre sine. Eg innser at me er i same båt, at inne i oss har me alle små barn som alltid leiter etter det som er fint og ekte og godt, ikkje minst i jula. Eg synest Frode Grytten fanga det ganske godt i teksten under:

Det er noko av dette eg har prøvd å formidla eg og då eg skreiv Jærsk julevise for nokre år sidan: Spesielt i desse linjene: «Me dekkjer lys og lykt og søkjer saman. Me dekkjer bord, og håpet tek me med, om styrken i å vera hos kvarandre, og om vår gøymde draum om julefred». Eg kan gjerne by på heile teksten når eg først er u gang:
Jærsk julevise:
Det er så mørkt på jorda i desember,
me drøymer om at lyset finn oss att,
når stormen piskar hav og draum og tanke,
og livet pakkar dagen inn i natt.
Ei stjerne lyser kvar gong himlen klarnar,
i trassig tru, så skin ho sterkt og klart,
ho seier lyset finst om natta tynger
og alt du ser er avmakt kledd i svart.
Me tenner lys og lykt og søkjer saman.
Me dekker bord, og håpet tek me med,
om styrken i å vera hos kvarandre,
og om vår gøymde draum om julefred
Der svarte skarvar står på kalde steinar,
og vintertrea bøyer seg i vind,
står husa her i rennedrev og reggen,
og lyser medan jula ringest inn.
Sjå ville stormkast ruskar hus og strender,
høyr nordavinden syng at Gud er stor,
nå møtest me med hjarte blikk og hender,
og trur på englesong om fred på jord.
Visa er tonesett av Bjarte Lending. Sjå gjerne https://www.youtube.com/watch?v=_fCysKqaKUY
Heidi