Gå til innhald

Luke 11- 2020

desember 11, 2020

Biletet over er henta frå klasseromet i går morges, der tenner me for øvrig lyktene våre før det lysnar. På biletet har me ikkje fått tend adventlysa endå. Rampenissen med stripete sokkar hadde drege julebrus med inn til elevane, korleis skal dette enda?

I dag har eg vore fri og hatt besøk av Karamella og storesystera. Det har blitt byssing og synging og smiling og pludring før me sende den yngste heim og Karamella fekk vera med og baka ut den siste boksen med peparkakedeig før ho åt middag med mormor og morfar. Til slutt vart ho sykla heim i sykkeltilhengaren med ein kakeboks i hendene og godt pakka inn i eit ullpledd. Så vart det laga ein omgang risbollar og utført ein del andre julerelaterte oppgåver.

Av og til, men heldigvis ikkje så ofte, og heldigvis ikkje heilt på ramme alvor, skulle eg ønska at me bare kunne lukka døra og koma ut at når koronaen har gått forbi. Etter ein ganske lang periode nesten utan smitte i området der me bur, kan det sjå ut som om det blussar litt opp igjen. Slikt liker me ikkje, og sidan me hadde opplevinga med ein usikker koronatest for ein månads tid sidan, så veit me kor fort det kan vera oss som plutseleg er smitta, og kor fort det kan vera oss som smittar andre. Snart er det jul med folkeforflytningar og meir sosialt samver, noko me i og for seg gledar oss stort til. Både folkeforflytningane og det sosiale samveret.

Du all verda så godt det skal bli å sleppa å kjenna etter og tenkja gjennom om ein kanskje kan ha smitta nokon med korona i løpet av dagen og å sleppa å evaluera eigen eventuell risikoatferd gjennom dagen. Kven som helst av oss kan bli smitta, og kven som helst kan heilt uforvarande smitta andre som kanskje blir veldig sjuke. Begge variantane er ein risiko me faktisk lever med akkurat nå, og som det samtidig ikkje har noko for seg å grubla alt for mykje over. Me kjenner vel kanskje alle i glimt at dette i grunnen er ganske anstrengande. Det å leva har alltid vore knytta opp til ein viss risiko. Me hadde bare nesten gløymt at det var slik.

Me som bur i dette hjørnet av verda veit faktisk godt at livet byr på sterke krefter. Kanskje eg burde hatt opphavsmannen til biletet over viss eg skulle gjera dette rett. Det er eit klipp frå klasseromet der eg viste elevane filmen med den jærske julesongen eg har laga i lag med Bjarte Lending med ein fotomontasje med bilete frå Jæren filmklubb laga av Jærbladet for nokre år sidan. Nå gjekk eg inn for å sjå kven som har signert biletet over, så vidt eg kan sjå er det signert «Geir Astrup Pollestad». Det er eit utruleg fint bilete. Eg håpar eg ikkje gjer noko gale når det er med på fotoet over.

Det er mogleg at dette blir verre og verre med omsyn til copyright, men på Lindmo i dag såg eg Ine Hoem synga ei ny omsetjing av «O helga natt» laga av far hennar, Edvard Hoem. Det var ei nydeleg omsetjing, og eg gjorde eit forsøk på å finna teksten på nettet. Det klarte eg ikkje, men over er det ei lenke til songen. Utruleg vakkert.

Endå eit lite glimt frå klasseromet. Tredjeklassingane fekk læra kunsten å laga gammaldagse papirlenker, akkurat på dette biletet er materialet sølvskimrande innpakningspapir. Ingenting gjer vel eit klasserom meir julepynta enn store mengder papirlenker. Eg hugsar då eg lærte kunsten. Morfaren min sykla til Bryne med oppdraget å kjøpa glanspapir. Så sat eg og bestemor og morfar rundt bordet og laga papirlenker med saks og kveitemjølsklister før bestemor prøvde å læra meg å laga den enklaste varianten av flettekorger med hankar av firdobbel sytråd. Det med kveitemjølsklisteret får meg til å tenkja at eg kanskje likevel må ha levd ei stund.

Papirlenkene er forresten eit godt bilete på noko eg gjerne vil ha fram i denne teksten. Liva våre er lenka saman, ingen av oss lever aleine. Me ber alle fragment av liva til dei me har rundt oss i hendene våre. Eg håpar at me i tillegg til å driva smittevern etter beste evne, så har me og vit til å vera forsiktige med liva til kvarandre slik at me kan som det så vakkert heiter i visjonen til Time kommune: «Gjera kvarandre gode».

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: