Gå til innhald

Luke 13 -2020

desember 13, 2020

Tre lys skal stå og skina
for alt me håpar på,
for alt som me skal møta,
for vegen me skal gå,
ei bøn om lys og varme
om å få vera nær,
om me må halda avstand,
og om alt er slik det er.

*

Om nokon legg merke til at det eine adventslyset på biletet over står frykteleg skakt i staken, så stemmer det på ein prikk. Eg hadde brend ned det eine lyset og var for rask til å setja i det nye slik at det smelta litt for mykje og stivna i feil vinkel. Då var det ikkje meir å gjera enn å la det brenna så mykje ned at feilvinkelen ikkje blir så påfallande. Ein kan kanskje seia at då kjem det ikkje til sin rett at eg faktisk har kjøpt ekstra fine og dyre lys i år, men sånn omtrent er livet, og på ein blogg er det kanskje like godt. Dei som skriv bloggar blir ofte framstild som slike som bare viser fram det mest perfekte. Det kan det jo kanskje vera noko i, så her hos meg hender det at eg lar det skakke vera akkurat så skakt som det er. Det perfekte ligg liksom ikkje heilt for meg dersom nokon skulle ha kome i skade for å tru det…

Sidan det er Luciadagen, kan eg jo visa fram noko av det mest glansbileteaktige eg har kjøpt i seinare tid. Eg fann denne på halv pris og tenkte at barnebarna vil elska figurane. Sanninga er sjølvsagt at ei lita jente inne i meg blir litt ekstra svak for glitter og stæsj når jula nærmar seg. Så liker eg å fortelja spennande historiar, for eksempel nokre av historiane om Lucia. Då eg skulle fortelja om det i klasseromet vart eg litt overivrig og ville visa at adventskransen likna ei Luciakrone. Eg skulle demonstrera Lucia med lys i håret i katakombane i Roma, og i iveren kom eg til å knusa to lilla adventslys som datt i golvet. Min kjære kollega, den alltid løysningsorienterte Kari retta dei opp med teip og påsto at det ikkje var eit problem fordi det eine lyset kom me aldri til å rekka å tenna, og det andre kom me sikkert aldri til å brenna ned til teipen… Eg tenkte eg skulle sjekka om eg ikkje tilfeldigvis hadde eit par lilla lys i lysskuffa mi heime, det må eg hugsa å gjera.

I dag har me hatt kjempekoseleg middagsbesøk av nevø Oscar med den vesle familien hans. Yngstemann i familien er sånn omtrent jamnaldrande med Karamella, og det var veldig kjekt å få sosialisera med endå ein pludrande baby som og hadde stor glede i å snu seg rundt frå rygg til mage. Babyar er sånn omtrent det finaste eg veit.

I kveld hadde eg ei hjartevarmande oppleving framfor fjernsynet. I serien «Fra meg til deg» fekk me møta Alexander Skadberg som etter ein vanskeleg oppvekst med overgrep og rusing kom på Ytrabakken ungdomshjem i Mo i Rana. Her hadde han budd i fleire år og hadde fått snudd livet sitt på rett kjøl. Nå ønska han å takka personalet på ungdomshjemmet, spesielt ei dame som hadde betydd ekstra mykje for han. Som takk hadde han med seg Maria Haukaas Mittet som song nordnorsk julesalme til dei som skulle takkast.

Det er så utruleg fint å sjå korleis heilt vanlege menneske i viktige jobbar kan hjelpa barn og ungdomar til å få livet sitt på plass slik at dei kan klara å bera seg sjølv vidare på ein oppreist og verdig måte. Slike menneske treng ikkje å vera sensasjonelt dyktige eller ekstraordinært velutdanna. Dei må bare ha hjartet på rett plass, ha trua på dei dei vil hjelpa og vera uthaldande og tålmodige. Det er veldig oppmuntrande å sjå at heilt vanlege menneske faktisk kan gjera ein stor forskjell i nokon sitt liv, og det gjer godt å sjå at sjølv dei som har kome ekstremt skeivt ut på meir enn ein måte kan reisa seg opp og gå stødig vidare.

Så til alle oss som jobbar med barn, ungdomar eller rett og slett vaksne som har det ekstremt vanskeleg: Me må rett og slett aldri gje opp å tru at dette skal gå bra. Det er slik me kan hjelpa dei som treng det mest. Dette får vera mi sundagspreik i dag på lysberardagen.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: