Gå til innhald

Luke 17- 2020

desember 17, 2020

Sidan eg har fredagsfri og skulen min tek juleferie i morgon, så har eg nå juleferie. Det har vore eit intenst liv dei siste vekene, så det har ikkje gått heilt opp for meg endå. Biletet over er frå morgonsamling i klasseromet med tre tende adventlys og bilete frå boka «Snøsøsteren» på storskjermen. Det har vore ei travel og fin førjulstid i klasseroma.

I dag fekk me vera med på noko veldig fint. Vanlegvis har me samlingar for alle elevane før juleferien, men i år er ingenting seg sjølv likt på grunn av koronaepidimien. Sjette klasse tok ansvar og laga eit smittevernforsvarleg alternativ for dei oss der elevane vart henta i puljer til å få gå på ulike stasjonar og sjå på små skodespel, song, dans, musikk og Donaldfilm. Det var god avstand mellom publikum og skodespelarar og spriting mellom gruppene. Elevane vart henta av sjetteklassingar med brennande lys i lykter som førde dei gjennom løypa. Dette skjedde medan det framleis var mørkt og programmet foregjekk både ute og inne. All ros til dei som hadde laga i stand. Det var utruleg kjekt å få vera med, spesielt kjekt er det sjølvsagt nå når me nesten har vent oss av med at slike ting skjer. Det er og veldig kjekt å bruka mørket desse mørkaste dagane i året til det finaste mørke kan brukast til: Å tenna lys i og å la oss pakka forsiktig inn i. Eg har alltid likt desembermørket og synest nesten at dei mørkaste vekene går alt for fort forbi.

Ei alternativ markering av at me går til juleferie vart det for oss vaksne og. Kvart team samla seg i eit pynta klasserom der me fekk servert smørbrød og julegavar og fekk ei litt mjuk avslutning. Som det barnslege folkeferdet me lærarar er, så har me hatt stor og barnsleg glede på arbeidsromet av å vera hemmelege nissevenner for kvarandre. Eg har blitt forskåna for dei største rampestrekene, det einaste som skjedde på den fronten var at nokon hadde fått skjermbiletet på PC-en min feil veg, men med gode hjelparar så vart det ordna fort opp i. Min hemmelege nissevenn avslørte seg i dag gjennom å gje meg ein sjølvdreia keramikkopp med signatur under. Eg lar meg imponera. Godt jobba Tove! På avslutningsmåltidet vart alle nissevenner gjetta på og avslørte.

Det som er mindre kjekt er at smittenivået i kommunen plutseleg er heva til raudt. Det er ikkje så veldig mange personar som skal til for å koma dit. Det er heller ikkje kjekk informasjon frå helsedirektoratet at seksti prosent av dei smitta ikkje veit det sjølv… På eit slags plan er dette som henta frå ein skrekkfilm. Det positive er vel at dei fleste ser ut til å koma seg gjennom sjukdomen utan dei alvorlegaste komplikasjonane, men kjekt er det ikkje. Eg og dei fleste andre prøver vel å vera så kloke og forsiktige me kan, men dette har me lite trening i. Dette blir spesielt utfordrande for dei av oss som ikkje kan ha heimekontor eller beskytta oss med plexiglass. Me får prøva oss med ein variant av den bøna dei brukar i AA. Hjelp meg oss å gjera det me kan for å beskytta oss sjølv og andre, hjelp oss å akseptera på rett måte den risikoen me ikkje kan gjera noko med, og gjer oss kloke nok til å forstå forskjellen mellom desse to.

Eg har forresten hatt ein fin kveld ved kjøkkenbordet der eg har drive med årlege førjulssysler og høyrt på P2, min faste radiokanal. Mellom anna fekk eg eit fint møte med Oslobiskop Kari Veiteberg gjennom programmet Drivkraft. Det let seg sikkert finna i programarkivet for dei som ikkje fekk det med seg.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: