Luke 18- 2020

I dag har me fått litt hjelp av den yngste pianisten til julepynting i stova. Eigentleg skulle ho vera med oss og finna juletre, men det kunne ikkje utførast i dag så det er utsett til over helga. I staden fekk ho vera med og plassera englar, nissar og julekrybber rundt i stova og på kjøkkenet. Det var kjekt det og. Elles så har Karamella og vore innom i stova så på barnebarnfronten kunne ikkje dagen ha vore betre.
Kvelden brukte eg til å koma i mål med eit strikkeprosjekt, så det kan rett og slett bli gave under treet med fint papir utanpå. Eg håpar storleiken er sånn omtrent rett. Eg er ikkje så flink til å bruka mønster, så dette er rein fantasi inspirert av vinterfargane.

Fargane er blitt litt mørkare enn dei er i dagslys, og viss eg dreg litt i han trur eg ikkje at kneppinga er skeiv…
For oss fristrikkarar er det ekstra kjekt å koma i mål sidan ingen fram til då har sett produktet. Det hender at eg seier til meg sjølv at «Neste gong er det kanskje lurt å bruka mønster,» dessverre er det ikkje kvar gong eg høyrer på slikt alvorsprat. Akkurat denne vart eg nå ganske fornøgd med, spesielt viss kofta viser seg å passa omtrent slik eg har tenkt at ho skal gjera det.
Det var ein fin konsert på fjernsynet i kveld. Der høyrde eg for andre gong Edvard Hoem sin versjon av O helga natt, – Å signa natt, sunge av dotter hans Ine. Eg liker teksten hans veldig godt. Den må eg få tak i.
Heidi