Gå til innhald

Luke 16 -2020

desember 16, 2020

Som de ser så har eg fått det med å stela slikt eg likar og skamlaust bruka det på bloggen min. Eg håpar det er sånn bortimot lovleg i alle fall. Filmen over såg eg på nettet i dag og fall pladask. Sidan det er tydeleg merka med «Den norske kirke» som eg faktisk er medlem i, så satsar eg på at det går bra.

Første gong eg møtte julesongen «Deilig er jorden,» må ha vore på ein juletrefest. Familien min gjekk ikkje så ofte i kyrkjer, men mor var med oss på juletrefest saman med venninner. Eg trur første gongen må ha vore på Frelsesarmeen på Bryne og så i baptistkyrkja på Ålgård. Juletrefestar var kjempekjekt, fine klede og lakksko, sløyfer i flettene, gang rundt juletreet og papirposar med kakemann, rosiner, mandarin og ein liten sjokolade.

I baptistkyrkja på Ålgård hugsar eg at det var tale, og det må ha vore omtrent første gongen eg opplevde retoriske spørsmål, spørsmål av typen «Kva trur du då dei fekk sjå?» og «Trur du dei blei glade då?» Eg svarte høgt og tydeleg som eg syntest ein burde gjera når ein var ute mellom folk og fekk spørsmål frå ein vaksen. Mor kviskra litt beskjemma at det ikkje var meininga at eg skulle svara. Kunne ho verkeleg ha rett i det? Stod det ein vaksen mann der framme og spurte oss om ting det ikkje var lov å svara på. Eg konkluderte vel med at vaksne verkeleg var ganske merkelege, og det synest eg av og til framleis.

Når det var juletregang fekk folk bittesmå tynne sangbøker der alle julesongane stod. «Et barn er født i Betlehem» kunne alle. Versa var korte og lette og halve songen var Halleeeeeejuja, halleeeeeluja,» «O jul med din glede var ein spennande song,» spesielt viss ein stod på sida av nokon ein ikkje kjende og skulle synga om
«så knytter vi kjærlighets hellige bånd, og lover å elske hverandre»: «Deilig er den himmel blå», var og kjekk å synga for det var så fin melodi og orda vart til ei fin forteljing». «Deilig er jorden» syntest eg kanskje var den kjedelegaste songen. Melodien gjekk veldig seint og det skjedde ikkje så mykje. Ein bare gjekk «til paradis med sang gjennom de fagre riker på jorden».

Eg veit ikkje kor tid eg verkeleg oppdaga songen og teksten. Eg trur nesten at eg må ha vore vaksen. Me gjekk rundt jultreet heime hos svigerforeldra mine, ein skikk eg aldri hadde vore van med i stova heime og nevø og niese Gunnar og Siri hadde lært julesongar i barnehagen og song høgt og tydeleg «går vi til parrrradis med sang», ikkje paaaraaadis som eg hadde vore van med å synga. Plutseleg opna teksten seg og eg innsåg for første gong at nå var eg midt inne i verset med livet mitt, «Tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang». Seinare har eg meir eller mindre grått av denne songteksten i rein rørelse kvar julaften. Det at ein alltid, i alle fall som småbarnsmor var veldig trøytt denne dagen, kombinert med syngande barn i kyrkja og mange tende lys, aktiverte heile følelsesregisteret. Og litt meir år for år har slekt fulgt slekters gang. Mange me har vore glade i har gått ut av tida, og mange har kome til og teke sin plass i pilgrimstoget som beveger seg gjennom livet med song. Snart finn me kanskje oss sjølv i eit av versa i ein annan gammal julesong «selv skjelvende gamle de tar sin stokk til krybben hen, til krybben hen».

I dag brukte me KRLE-timane i tredje klasse til å fortelja historien om den første jula i Betlehem. Eg hadde samla mange forskjellige kunstbilete med motivkrets frå juleevangeliet. Det er spennande å sjå på mange ulike kunstuttrykk og snakka om kva kunstnaren kan ha tenkt då han laga biletet. Eg har ikkje sjanse til å vera den flinkaste jenta i den digitale lærarklassen. Det er mykje der som ligg utanfor mitt kompetansenivå, men ein ting er eg verkeleg glad for. Det er blitt så lett å visa elevane kunst på storskjerm, det er eg veldig glad i å gjera, det blir nesten ei vidareføring av kunsthistorielærar PIM sine lange lysbildeforedrag på formingslærarskulen på Notodden. Kunsthistoriefaget er noko av det beste eg fekk med meg der i frå.

Nå pratar eg meg som vanleg ut på ville vidder. Det var jo i grunnen «Deilig er jorden» det skulle handla om. Det mange ikkje veit er at dette ikkje er ein «julesong» i Sverige. Då me var på lærarutveksling i Nordsverige på 90-talet fekk me sjå elevar øva til sommaravslutninga i kyrkja. Då var «Härleg er jorden» og «Den blomstertid nu kommer» «självklara songar» som alltid vart brukte når skuleåret skulle avsluttast.

Det er då ein god idé? Å synga deilig er jorden gjennom alle årstider. På eit plan er jorden og vandringa gjennom livet «deilig», sjølv om det samtidig er mange krefter og faktorar ein ville bruka andre ord om.

Nå skal eg ikkje masa meir. Sjå heller filmen over ein gong til.


Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: