Gå til innhald

Snart på tide

desember 29, 2020

Nå skal me snart takka året av
og ynskja lukka til på vegen vidare.
Det er nok trøytt nå, 
dette merkelege, uverkelege året
då det nesten vart ein vane
å sitja i bilen sin i eit telt på Klepp
med ein testpinne i nasen
og smilande romvesen
utanfor det nedrulla vindauget,
me kan i alle fall tenkja oss
at dei smiler bak munnbindet
medan dei profesjonelt forsikrar oss om
at det kanskje kan vera litt ubehageleg.

Me skal takka av året
då me song «Ja vi elsker»
frå kvar vår veranda på 17.mai,
medan sjølve kongen køyrde rundt i open bil
for å helsa folket i hovudstaden der aust.
Det var året då me konstant flassa av mellom fingrane
og det å antibakka var eit verb brukt av toåringar.

Snart skal me løfta høgrehanda
elegant og kongeleg
og vinka muntert til den tida då me desinfiserte postkassen
og kasta søppel med latexhanskar på hendene,
vinka til dei tidene
då me luska inn i mørke portrom
for å snyta nasen eller hosta
når det var tvingande nødvendig.

Nostalgien kjem nok med dønningane,
visst skal me smila av at me var i koronakarantene
då Trump tapte valet og fekk utflyttingsvarsel,
og for alltid hugsa kor me var
då Erna stengde landet
og vart stoppa i siste liten av Bent Høye
frå å handhelsa på Camilla Stoltenberg,
for det skulle vel ha teke seg ut…

Me skal smila av året
då det var forbudt å reisa på hytta,
året då me danna oss kohortar 
og brukte ordet
som om me aldri hadde snakka om anna.

Me skal kyssa koronabarna våre
på begge kinn
og varmt omfavna postmannen og ordføraren,
for ikkje å snakka om tannlegen vår,
og fortelja barna om det rare året
dei kanskje ikkje hugsar ein gong,
fordi dei var så små då.

Me skal ikkje sjå bort i frå lettsindige tankar
som at me om ei stund,
kanskje alt  til neste jul
kan ta kvarandre frimodig i hendene

og gå rundt både einerbærbuskar og grøne glitrande tre
utan hanskar og handsprit,
medan me bekymringslaust både bukkar og neiar
om me måtte få lyst til det.

Nå har me snart fulgt året til enden,
til siste sving,
til det me ikkje heilt veit kva er.
Så er det bare å venta på det nye
og spenna leggmusklar og tålmod
før den første store motbakken
opp til betre utsikt.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: