Framleis romjul

Romjula er eit rom i livet der et alltid har likt meg. Alt er stille og avklart etter intense veker med førjul og jul heime og på jobb. Litt vemodig er det når gjestene reiser. I går reiste Sunniva tilbake til Oslo med tog, og i dag køyrde Leif Halvard til flyplassen.
Eg er veldig takknemleg for jula me har hatt, og for at ho vart nokonlunde normal. Då eg måtte testa meg for korona helga før jul kjendest det faktisk som det største marerittet å tenkja på at det kunne forårsaka at alle barna på trinnet mitt havna i karantene i jula. Sjølvsagt ville det ikkje vera nokon sin feil, og det viktigste er jo at ingen blir alvorleg sjuke. Heldigvis ser det ut som at færre enn før av dei smitta blir veldig alvorleg ramma eller døyr, men desse greiene er ikkje til å spøka med, så me får gjera så godt me kan alle saman, og så får me gleda oss over at det ser ut som det snart skal koma tider der me slepp å vega alle eventuelle symptom på gullvekt for å avgjera om me er ei tikkande smittebombe eller ikkje. Eg gler meg til å kunna tenkja at eg eller andre er bittelitt forkjøla, men kva så…
Det yngste barnebarnet ligg på golvet og smiler og pludrar og det er den finaste lyden og det finaste synet som tenkjast kan. Tida går så fort, og det blir spennande å sjå meir og meir kva for ein liten personlegdom ho skal visa seg å vera. Det blir interessant å sjå om tankane eg har gjort meg viser seg å stemma, og så er det alltid ein fare for sjølvoppfyllande profetiar, så slikt skal ein vera forsiktig med å meina alt for mykje om. Eg får vera mykje i lag med dei, og synest at det er eit veldig stort privilegium.
I morgon er det den siste dagen i eit merkeleg år. Det er bare ein dato, men likevel ein markør. Me har erfart mykje me kanskje ikkje hadde trudd at me nokon gong ville koma ut for, og me har heilt sikkert lært masse. Mange har og fått smellar som dei vil slita med lenge, enten det gjeld økonomi, arbeidsløyse, einsemd eller anna som ikkje har vore kjekt. Eg trur mange av oss har fått ei oppleving av kva som eigentleg betyr mykje, og kva som i grunnen ikkje gjer det i det heile tatt. Eg håpar me kan bruka desse erfaringane til noko godt og nyttig.
Som aktivt medlem i kyrkja og som eit menneske som opplever at trua mi er ein viktig faktor i livet mitt, prøver eg og å tenkja gjennom kva eg har lært. Mange som ikkje er komfortable med å gå i kyrkja har opplevd at det kan vera fint å finna fram til ting på nettet som kan gje kvile og fred i sjela. Korleis opnar me som trur for at det skal bli større plass for at dei som ikkje flaggar trua si så høgt eller så skråsikkert kan finna ein god plass å koma til? Det er spørsmål eg tek med meg inn i det nye året, og eg ber til Gud om at eg ikkje skal operera med ein form for skråsikkerheit som kan lukka dører for andre som i utgangspunktet står på gløtt. Eg unnar alle å ha ei tru å lena seg mot når livet kjennest for stort eller når ein ikkje heilt veit kor ein skal gå hen med seg sjølv. Eg veit at nokre er sikre på at slike tankar rommar eit slags sjølvbedrag. Det gjer eg dei full rett til å tru.
Eg tenkjer at me kanskje må bli flinkare til å snakka sant om livet same kva utgangspunkt me måtte ha for å tenkja å tru det me tenkjer og trur. Kanskje me er likare enn me trur, og kanskje det andre seier kan vera med på å opna portar for oss dersom me vågar å lytta? Det er befriande godt å ha nådd ein alder der ein kan sleppa å tru at ein har heile vitet, og det er fantastisk å kjenna seg sikker på at ein ikkje er her for å prestera det perfekte.
Ha ein god slutt på året, alle saman.
Heidi