Gå til innhald

Luke 24 – 2020

desember 24, 2020

Freden har senka seg, og eg går og ryddar litt etter julekveld i heimen. Dagen har vore god. Det er ikkje ofte eg har alle fire barna mine rundt meg på ein gong, og eg nyt å ha det slik.

Julafta er alltid ein hektisk dag, i alle fall i mitt tilfelle. Med mange til middag og nesten like mange til grøt med mandel tidlegare på dagen, så er det mykje å ordna.

Me hadde gleda oss til å ta med treåringen på julegudsteneste og sikra oss «billettar». Då ho opprømt kom for å eta julegrøt oppdaga me at ho hosta. Me fann ut at slik det er akkurat nå så kunne me ikkje koma til kyrkja med ei hostande lita jente. Ho og eg fekk nok heller vera heime og sjå den streama varianten frå sofaen heime.

Heldigvis gjekk ho med på at det var ein måte å gjera det på, men ho hadde med seg ein ryggsekk med strikka matroskjole, kvit strømpebukse og gullsko som ho skulle ha på i kyrkja, så det måtte på i tillegg til ei stor kvit sløyfe i håret. Ho sat fint i armkroken min og såg gudsteneste sjølv om streaminga hakka litt, så det vart ei fin fredastund. Så hjalp ho meg å vaska litt med kluten, mellom anna ei dør ho hadde pynta litt med rosa lebepomade. «For alt må jo vær galreint i julå, mommor!»

Ein variant av teksten på Alf Prøysen sin «Romjulsdrøm» kunne ha vore «En skulle vøri tre den tjuefjerde». For ein glad unge, ho har kvitra seg gjennom dagen og hjelpt til med både vasking, matlaging og julegaveutdeling.

Sjølv har eg tradisjon på å vera siste mann i seng på julaften. Eg pustar roleg, ryddar litt og høyrer klassisk julemusikk på P2. Slikt er det ei velsigna ro over.

Takk for fylgjet gjennom julekalendaren, og fortsatt gledeleg jul.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: