Gå til innhald

velkomen- 2021

januar 1, 2021

Godt nytt år.
Første dagen i eit nytt år kjennest alltid litt spesiell. Han kjem med «blanke ark og fargestifter tell». Framleis kan alt skje. Framleis er ingenting øydelagd.

Det var ei spesiell nyttårsaften og. Lenge lurte me på om me bare skulle vera heime «aleine» i solidarisk dugnad. Me hadde brukt opp våre dagar med meir enn fem gjester, me kunne invitera nokre få, men ikkje alle dei me ville ha likt å invitera. Det ende med at det vart eit lite nyårsselskap heime hos oss. Det har vel forresten aldri vore finare å ha gjester enn akkurat nå. Me er litt utsvolta på sosial kontakt utanom den vanlege familien, og me kjenner på ein ny måte kor fint det er å vera i lag med andre.

Me laga mat heile dagen, prøvde ut ulike vegetariske oppskrifter. Det vart godt, og kvelden vart veldig fin. Eg er aldri klar til å leggja meg med det same gjestene går, så då vart det litt rydding i ro og fred medan eg høyrde på talen til kong Harald. Eg beit meg spesielt merke i fylgjande setning: «Håp er en måte å leve på». For ein fin måte å seia noko viktig på. Eg reknar med at kongen har gode hjelparar når han skriv talane sine, og dei gjer verkeleg ein god jobb, gong på gong har eg tenkt at det kongen seier er det verd å lytta til.

I dag har me hatt ein roleg dag. Eg har strikka på eit av mine fantasiprosjekt og sett på serien om Kjell Aukrust «Gud velsigne Vår Herre». For ein hjartevarmande serie, og for ein person han må ha vore. Læraren hans sa i eit gammalt arkivopptak at Kjell var det ikkje råd å bruka normalplanar på. Mange av oss som er lærarar kan nok kjenna oss litt igjen og sjå for oss både det eine og andre barnet me har møtt på vår veg. Kanskje me til og med har vore litt sånn sjølv… Dei nye planane, slik eg tolkar dei, gir i teorien og tanken god plass til barn som verken handler eller tenkjer etter A4 normen. Eg håpar og ber om at me må klara å organisera oss slik at skulen blir ein god og utviklande plass for alle barn. For å bruka noko av universet til ein annan gut eg trur og må ha vore noko litt for seg sjølv i si tid på skulen, me skal ha plass til både Helene Harefrøken, Bolla Pinnsvin og Nøtteliten. Dei fleste av oss som har halde på ei stund har møtt dei alle saman.

Dagen har og gitt rom for å eta litt restar frå i går, og me fekk litt hjelp frå treåringen og foreldra til å få unna litt av desserten i form av eplekake og heimelaga is. I kjøleskapet hadde eg ei stor skål med multekrem laga av frosne multer. Den hadde det blitt smakt litt for lite på, og sidan det ikkje er slikt me bør leva på kvar dag den komande veka, så har eg utført eit kjøkkeneksperiment. Eg har prøvd å laga multeis omtrent med same oppskrifta som rips-is med stivpiska eggekviter og eggeplommer i samen med kremen. Det vil visa seg om det blir vellukka eller ikkje. Ein snartur ut i mørke og måneskinn vart det og, eg prøvde å fotografera det eg såg, men dessverre var det ikkje så lett å fanga med mobil. Forsøket ligg i alle fall øverst på sida her.

Eit anna forsøk er teksten under. Det begynte med tanken på å skriva ei nyårssalme, men er så langt blitt eit forsøk på ei nyårsbøn. Eg trur ikkje teksten er ferdig, og eg veit ikkje om han er nok gjennomtenkt, men her og nå byr eg på forsøket. Det er slik denne bloggen virkar.

*

Når det nye året opnar døra
la meg gå forsiktig inn med heile meg.
Send gjerne dua framfor meg
så eg veit kva veg eg skal gå,
og eldsøyla når det er mørkt,
slik du gjorde den gongen
du leidde dine inn i det ukjende
og ikkje slapp dei før dei var framme.
La ditt ansikt lysa over oss
og ver oss nådig,
lyft andletet ditt mot oss
og gjev oss fred,
kviskrar eg,
og trur at du høyrer
Så strekkjer eg hendene ut
og seier så modig eg vågar til dei som høyrer:
Kom det er gjort klar for oss,
la oss gå inn.

*

I kveld har eg strikka vidare og sett på talen til Erna. Det var ein fin tale det og. Her er mykje som skal tenkjast og gjerast og diskuterast, men jammen er eg glad for at eg havna i akkurat dette landet. Det har gått opp for meg dei siste åra at me ikkje slik som eg på ein måte har gått rundt og trudd, kan ta verken demokrati, menneskeverd, menneskesyn og menneskerettar for gitt. Det er heller ikkje slik at nokon tenkjer alle dei kloke tankane og ordnar opp for deg. Me må bidra alle ut i frå dei erfaringane, den innsikta og dei verdiane me har for å få eit samfunn som er slik me helst vil ha det. Det passar det fint å minna meg sjølv og andre om den første dagen i året.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

<span>%d</span> bloggarar likar dette: