Gå til innhald

Den første veka i året

januar 6, 2021

«Den siste lange motbakken opp til utsiktspunktet,» skreiv eg i nyårsdiktet mitt. Det kjennest som ganske treffande ord nokre dagar etter at eg formulerte det slik. På sundag kveld kom det nye direktiv frå regjeringa om større varsemd og besøksforbod i to veker. Eg høyrde det i bilen på veg heim frå mor og far med ein treåring i bilen som med stor entusiasme hadde ete middag, is og julekaker med oldemor og oldefar. Baktanken var at det var lenge sidan ho hadde vore i barnehagen og lenge sidan me hadde vore på jobb og i nærleiken av smitte. Oldefar skulle og snart ha gebursdag, så det ville me feira litt. Den første tanken min var at det var jammen i grevens tid me hadde vore på besøk, den andre tanken var at eg håpa me ikkje hadde vore uforsiktige.

Dei siste dagane har smittetala i kommune og fylke auka, og det verkar som om smitten omgir oss på alle kantar. Dei som kan stenga ned har stengd ned og me lærarar held fram så normalt som me bare kan. Me kan velja heimekontor i den delen av arbeidsdagen me ikkje har elevar, og i går hadde eg møter og kulturskule via nettet. Det å vera i lag med kulturskule-elevane på nettet gjekk overraskande fint. Me fekk jo litt rutinar på slikt i vår.

Det finaste er at veret har vore heilt nydeleg desse dagane. Biletet over er frå måndag ettermiddag då eg gjekk heim frå skulen, desse to siste dagane har landskapet vore kvitt av rim, og isen er i ferd med å leggja seg på vatna.

Morgonutsikta frå klasseroma er så fin at eg nesten ikkje klarer å la vera å smugfotografera med mobilen når eg får ein sjanse. Som biletet over viser, så har eg rett og slett ikkje heilt klart det…

I dag morges då eg gjekk til skulen lyste graset under gatelyktene med tusenvis av små iskrystallar i den mørke morgonen, og det var så fint at eg nesten fekk tårer i auga. I det første friminuttet la tredjeklassingane seg ned og laga snøenglar i det tynne rimlaget på kunstgrasbanen. Då me gjekk inn var banen nesten dekka av grøne engleformasjonar. Ungane her er ikkje borskjemde med såkalla norsk vinter, dei tek til takke med lite.

I dag er det Heilage-tre-kongers-dag, og slutt på jula. Eg som vil at alt skal vara gjekk med sorg med på å rydda vekk julepynten tidlegare i veka. Eg vil så gjerne at alt som er fint skal halda fram, og eg som pyntar rett før jul ville gjerne hatt ei julepynta stove i eit par veker til. Slik kjennest det kvart år. Det passa for dagen i dag å avslutta «jul i skulen» i KRLE-timane som alle tre klassane har på onsdagar. Me såg på mange ulike kunst-uttrykk der kunstnarane har framstild dei heilage tre kongane, eller dei tre vise mennene, som nok eigentleg ikkje var kongar og som kanskje ikkje var tre ein gong. Me snakka om korleis desse bare så vidt er innom i historien om Jesus sin fødsel i bibelen, og eg fortalde om historiar og myter som er danna rundt dei. Sjølv må eg seia at eg lenge har vore svært fascinert over forteljinga om desse mystiske personane frå ein annan kultur og høgst sannsynleg ein annan religion som bare dukka opp og drog igjen. Det får meg til å tenkja at det er høgt mellom himmel og jord og at møte med det heilage kan vera mykje.

Elles så er me i det mange av oss kjenner som dagane for nye begynningar, desse dagane då folk flest bles støvet av joggesko og kaloritabellar og stiller seg i køen framfor næraste treningsstudio. Det siste er me forresten fråråda akkurat nå, så det treng eg ikkje føla meg forplikta til. Eg skal innrømma at eg likevel tenkjer at det er eit høve til å prøva å justera kompassnåla litt etter julefesten, gjenerorbra kvardagslivet og prøva å hekta seg på alle gode vanar som me eigentleg liker å halda oss med. Slike gode vanar er for min del ikkje bare kopla til den fysiske og kroppslege delen av livet, men og det å ha tid til å tenkja, vera stille og kjenna etter kor ein skal gå hen med seg sjølv.

Eg håpar alle saman kan pusta djupt inn og ut og seia velkomen til det nye året som kjem enten me vil eller ikkje. Me får høyra at det aldri blir bruk for det portforbodet dei snakka om å finna juridisk dekning for om det skulle trengjast, aldri må tast i bruk. Så får me gle oss over at vaksinene er her sjølv om dei fleste av oss må venta før me får stikket vårt. Eg gler meg og over at det ser ut som om Biden får større handlingsrom i USA enn det kunne sjå ut for, og at det kanskje kan bli litt fart på klima-avtalar og sånt som eg eigentleg synest at det hastar veldig med. Her gjeld det å klamra seg fast til livet med fingertuppane, halda seg frisk dersom ein kan og trø til så godt det let seg gjera…

Og iskrystallane i dag morges, og soloppgangen midt i første time… Det var bare vakkert.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: