Når verda går av hengslene

Dette er ein tekst eg har hatt svivande i tankane dei siste dagane. Nå skriv eg han nesten direkte inn her, så det kan godt henda at han blir bearbeida og flikka på etterkvart. Eg legg det ut likevel. Det kjennest godt å prøva å fanga dei rette orda. Denne teksten er generelt sikta mot merkelege og surrealistiske dagar, slike opplever me alle saman i mange situasjonar og på mange plan.
*
NÅR VERDA GÅR AV HENGSLENE
Slike dagar
når verda går av hengslene
og det ikkje er mogleg å kjenna seg att
går eg ut
og let nordavinden røska meg,
let kveldslyset bera meg,
let regnet vaska meg
og vintersola varma meg.
Slike dagar
finn eg eit stille hjørne
og let tida leggja armane om ryggen min,
lener eg meg mot den store stilla,
legg tankane mot kjærleiken
som er sterkare enn døden,
og spør Gud og alle gode makter
om kor eg skal gå hen med meg sjølv.
Ventande og vitande
at svaret let seg finna,
finn eg auge å kvila i,
blikk å halda meg fast i,
for visst er me mange saman,
så pustar eg roleg inn og ut.
Heidi