Gå til innhald

Det verkelege livet

januar 9, 2021

Dette er det verkelege livet,
seier radioen,
du drøymer ikkje.
Eg sjekkar ar eg er på rett kanal,
og er usikker på
om det hjelper å klypa seg i armen.
Dei diskuterer portforbod i heimlandet,
og naboen er i karantene,
eg kjøper nye munnbind på apoteket,
og let brilleglasa dogga,
og leggja verda i midlertidig tåke.
Det er sol midt på vinteren,
og vindstille på Jæren,
eit eller anna har slutta å stemma.
Når mørket legg seg stormar dei kongressen
i Washington DC,
medan ein krenka og foruretta statsleiar,
seier at han har blitt lurt,
og ber dei visa verda kven som har rett.
Dei slår vindauga inn
eg ser det på den knusbare skjermen
i mi eiga stove,
dei hoppar inn i store hordar,
med horn på vikinghjelmane,
med bare overkropper og skinnbukser.
Medan smittetala stig
og Europa stengjer ned
finn dei seg skrivebord dei kan leggja beina på
og ivrig ta selfies frå dei store salane.
Den lovleg valde presidenten i USA
blir kasta på hovudet ut av Twitter og Facebook
medan verda diskuterer om han er blitt galen,
om han skal for riksrett igjen,
eller om han skal erklærast ueigna for stillinga.
Me vaskar sursøte klementinar med varmt såpevatn
før me spriter hendene, skreller dei, og tek sjansen på å smaka.
Isrosene blødmer i hagane,
og barna lagar englar i rimlaget på kunstgraset.
Dette burde me skriva heim om,
skriva heim til framtida.
Eg spissar blyanten
og lurer på om dette er noko ho kjem til å tru på.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: