Gå til innhald

Å leva midt i historie

januar 22, 2021

Å leva midt i historien gjer gjer me utan tvil heile tida. Likevel er det slik at nokre gonger merkest det ekstra godt at det er det me gjer. Onsdag var ein slik dag.

Då Donald Trump vart vald til president i USA var ein av dei første tankane mine at dette har ikkje verda tid til. Nå har me ikkje tid til at nokon melder seg ut av klima-avtalar og fornektar menneskeskapte klimaendringar. Eg kom på jobb forvirra og forskrekka utan å ha sove den natta og møtte livredde fjerdeklassingar som trudde at nå kom verda til å gå under i 3.verdenskrig eller noko anna fælt. Grunnen var nok at det dei hadde høyrt om Trump var at vaksne dei stolte på hadde snakka seg i mellom om «den spinngalne mannen som vil bli president i USA». Eg trøysta så godt eg kunne med at ein mann ikkje kunne gjera så mykje aleine, og at sidan så mange ville ha han til president så ville han sikkert mange gode ting og. Me såg på innsetjingstalen hans i barnevennlig versjon på supernytt og roa ungane ned så godt me kunne.

Etter fire år kjenner eg at eg pusta ut frå djupt ein plass i magen då eg såg Biden halda tale om samhald og håp og såg tre tidligare presidentar stå høgtideleg i trappa med sine kvinner. Han som mangla vart det snakka lite om. Det beste av alt var den nye visepresidenten og ho som las dikt om å vera modig nok til å sjå lyset og å våga å vera lyset.

Eg innsåg at eg kvar morgon i fire år med litt høge skuldre hadde slått på radioen eller gått på nettet for å sjå om den amerikanske presidenten hadde funne på noko nytt medan vår del av verda låg og sov. Eg innser at eg lever med eit sterkt forenkla verdsbilete og at verda er langt meir komplisert enn det som blir reflektert i denne teksten, men eg innser og at det er omtrent slik den litt engstelege vesle jenta på botnen av sjela mi opplever livet…

Kvar morgon lysnar det litt meir når eg kikkar ut av vindauga i eit av klasseroma våre. Soloppgangen kjem tidligare i den første økta vår for kvar veke, snart vårast det.

Denne rare koronatida har snart fylt eit kalenderår med dagane sine. Me håpar me er i gang med den siste bratte motbakken før me kan sjå meir normale tider i auga. Det vil visa seg etterkvart kva denne erfaringa har gjort med oss. Eg er spent på i kor stor grad det kjem til å prega litteratur, teater, film og musikk framover. Framleis er det så tidleg at me ikkje har sett så mykje av det som har vore verkelegheita dei siste ti månadane. Me har bare kome så langt at me forundrar oss over kor tett folk står og sit på film og kor rause dei er med handtrykk og klemmar og anna som ikkje har vore ein del av kvardagen vår på lenge. Treåringen har begynt å spørja: «Kan me besøkja dei i viruset?» Stor var gleda då døra vart sett litt på gløtt i denne veka slik at det var lov å gå på besøk igjen. Bare timar seinare var det vafler og lys på bordet og eit barnebarn som lurte på om ho ikkje kunne vera her litt heilt aleine når dei andre ville heim. Det finst mykje å varma seg på.

Ha ei god helg, alle saman.
Denne helga er det lov å vera litt sosiale igjen. Ver forsiktige og ha det fint.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Tusen takk for den fine siden din. Det er en stor glede og inspirasjon å lese innleggene dine.

Legg att svar til heidiskriv Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

<span>%d</span> bloggarar likar dette: