Ruten på Sandnes

Den siste månaden har eg kost meg med eit skriveprosjekt som går ut på å skriva ti minutt kvar dag heilt utan planlegging og baktankar, bare skriva alt som fell meg inn og lagra det til seinare bearbeiding. Det er spennande på den måten at eg faktisk ikkje anar kva eg kjem til å skriva når eg set meg til tastaturet, og det er anstrengande fordi eg må prøva å leggja vekk all tanke på innhald og struktur. Av og til blir eg ganske overraska over kva tankar som dukkar opp. Eg har jobba på denne måten i periodar tidlegare og, og eg synest at det er ein interessant metode for å henta fram råmateriale som eg ikkje alltid sjølv er bevisst på er brukbart. Det meste av dette har eg tenkt å jobba vidare med i sommar, men i går dukka det opp ein tekst som eg tenkte at eg faktisk kunne dela nokså ubearbeida. Det er heilt sikkert fleire enn meg som hugsar den gamle rutebilstasjonen på Sandnes som nå er heilt ombygd og har liknande minne som meg.
Då eg var lita var eg ofte med moster, ei grandtante som budde aleine på Figgen, til Sandnes. Eg og syskena mine var det næraste ho kom å få barnebarn, og engasjementet ho viste var langt over det eg vil tru er gjennomsnittleg besteforeldrenivå. Ho jobba på DFU på Figgen i stort sett heile sitt vaksne liv. På turane til Sandnes var me alltid på kafeen på «Rutebilstasjonen» som ho kalla det og åt enten tomatsuppe med egg (eg fekk alle eggebåtane i mi skål), eller ertersuppe med kjøttbollar (eg fekk alle kjøttbollane), før me tok bussen heim til Bryne eller Ålgård. Dette var stort sett mi befatning med restaurantliv til lenge etter at eg hadde begynt på skulen. Kafear var ikkje noko ein normalt brukte tid eller pengar på. Kjosken utanfor rutebilstasjonen hadde og ein posisjon i livet mitt. Omtrent kvar sundag slik eg hugsar det, køyrde eg saman med onkelen min frå Bryne i den gamle grøngule bobla hans for å henta moster som venta på oss på rutebilstasjonen. Ofte var broren min og med. Så langt reiste ho sjølv med buss, og så vart ho henta av onkelen min som køyrde henne til bestemor og morfar der ho åt sundagsmiddag og drakk sundagskaffi før ho vart køyrd tilbake til Figgen. Då me kom til Ruten fekk eg ofte ein mynt stukken i handa med beskjed om å kjøpa meg eit blad eller kanskje noko godt. Det hende og at eg og moster kjøpte fylte kamderdrops til morfar, ein gave han nesten alltid fekk av svigerinna si på sundagar. Eg trur dei hadde eit godt forhold sjølv om han konsekvent omtalte henne som «Figgen» og ho han som «Ergaen». Den einaste gongen eg høyrde morfar seia namnet hennar var den dagen ho døydde. «Dæ jekk fort mæ na Margit,» sa han med stort alvor. Men den dagen låg heldigvis i fjern framtid til alt eg fortel om her.
Då eg og venninnene mine fekk lov til å bevega oss litt ut av Ålgård sentrum og næraste omegn, hende det at me tok bussen til Sandnes som var langt mindre farleg enn å reisa heilt til Stavanger. Det hende og at ein gjeng ungar reiste til Sandnes for å gå på kino og stå i ein utruleg tett kø for å koma inn på Olsen Banden filmar eller liknande. Då var og Ruten bindeleddet til og frå den store verda. Der inne var det ein fotoautomat me benytta oss av så sant me hadde pengar.
Dei tre siste åra eg budde heime gjekk eg på vidaregåande skule på Sandnes. Det innebar to daglege visittar på Ruten, mykje venting og mykje springing for å nå rett buss. Seinare er staden ombygd og ikkje til å kjenna igjen. Eg syntest derfor det kunne vera på sin plass med ein hyllest til «Gamle ruten». Og sjølvsagt måtte eg ha ei så lang innleiing at sjølve teksten nesten blir eit antiklimaks… Me sånn vart det denne gongen…
Ruten på Sandnes
Kanskje det å samla synsintrykk
nesten starta på Ruten på Sandnes
eg samla dei
på same måten som me samla gammaldagse passbilete
frå automaten med kvit vegg og grønt gardin
som skulle kunna veksla mellom å ha mørk og lys bakgrunn i,
den me pressa oss inn i alt for mange om gongen
kvar gong me hadde pengar
for å ta gruppebilete
der minst halvparten av oss viste seg å ha auga lukka
eller sat uroleg når lysglimtet endeleg kom
og det verkeleg gjaldt.
Etterpå venta me spente
ved stålrenna på utsida
ivrige når biletremsa endeleg kom ut
fuktig som etter ein fødsel med biletsida inn
og me lo av dei,
delte dei mellom oss
og diskuterte kven som skulle ha kva for eit av bileta
før me sette dei inn i hjarteforma plastluker
i raude eller svarte lommmebøker
i plastimitert slangeskinn
før me venta på harde trebenker
på at bussen skulle koma,
eller kanskje til og me på at ein av foreldra
skulle koma med bil for å henta oss.
På den tida hadde me aldri råd til å gå opp trappa til kafeen
der eg visste at det var kjøttbollar i ertersuppa
og hardkokte egg i tomatsuppa
og at dei selde eggegule pannekaker med smør
som det hende at eg og moster kjøpte med oss heim til bestemor.
Det var ein slik gong moster møtte Ole Bringeland
som hadde eit namn som smakte så sterkt av sommar og bringebær
at eg aldri seinare har gløymt det.
Utanfor var kjosken utanfor med PP-pastiller,
peppermyntedrops med kjærlege helsingar
og blad med Donald Daffy, Snurre Sprett og Elmer Midd,
for ikkje å gløyma vekta inne på venteromet
på sida av fotoautomaten
der ein mot ein sum på fem og tjue øre
fekk ein pappbit ut med vekta si på
og eit rimande dikt på baksida.
Tidleg klarte eg å stava meg fram til at
«Dersom et barn skal veies må en voksen først hjelpe til å trå ned veieplata»
så det gjaldt å overtala moster.
Vekta var eg på den tida likeglad med,
ein i etterkant i seg sjølv salig tilstand,
men eg ville så frykteleg gjerne ha diktet på baksida.
Ein gong mange år seinare då eg gjekk på gymnaset
og var nesten for vaksen å rekna,
kom ein eldre heilt ukjend mann og tok meg i armen,
på haldeplassen for Hagabuss retning Ålgård og Oltedal,
han var kanskje ikkje heilt edru og ville gje meg penger
fordi han hadde sett meg ta bussen kvar dag og tenkt mykje på meg,
pengane tok eg aldri i mot;
men i dagane som kom ville eg helst ikkje møta han,
der eg stod og venta saman med alle dei andre,
både dei frå Sandnes vidaregåande
og dei som gjekk på musikklinja
og bar på fiolinkassar
og brukte tida til å kyssa kvarandre
mens dei og venta på bussen
som skulle ta oss forbi Myrå og Bråsstei
heim til lekser og oppvarma middag.
Heidi